Glimt frå presseseminaret
Bildet over: Rolf Korneliussen, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet og akustikk-ansvarleg under toktet, var ein av fleire forskarar som hadde foredrag under presseseminaret. Havforskinga er leiande i verda på bruk av akustikk i forsking, og det vil vere ein viktig reiskap under toktet i Sørishavet. Bruk av akustikk gjer det mogleg for forskarane å undersøkje store område på kort tid.

Toktkoordinator Svein Iversen følgjer med på foredraga.

Meteorolog Anne Karin Magnusson fortalde om klimaet i området som toktet skal gå til, og lurte på om toktdeltakarane eigentleg ville høyre kva ho hadde å fortelje. Området har både høge bøljer, mykje vind, og sjølv om det er sommar under toktet, er ikkje temperaturen så mykje å skryte av, den ligg oftast mellom 6 og 10 grader C.

Fotografen frå NRK på jobb på brua om bord på ”G. O. Sars”.
Glimt frå avskjedsseremonien

Nordnæs Bataillon deltok under seremonien.

I tala si ønskte fiskeri- og kystminister Helga Pedersen god tur til alle som skal vere med på toktet. Ho ser på toktet som eit viktig steg i norsk polarforsking, og er opptatt av at alle skal få følgje med på toktet via internett.

- Mange av våre dyktige forskarar, teknikarar og sjøfolk skal delta på ekspedisjonen. Dei er svært motiverte og godt forberedt for jobben, og eg er sikker på at resultata vil sette spor etter seg i internasjonal havforsking, var noko av det administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet, Tore Nepstad, sa i si tale før han ønskte god reise og velkommen heim til alle toktdeltakarane.

”G. O. Sars” går frå Bergen for å vere på tokt i Sørishavet i eit halvt år før fartøyet returnerer til Bergen i byrjinga av mai neste år.
kontaktpersonarKari Østervold Toft Kjartan Mæstad les meir |
