Av Beate Hoddevik Sunnset
Utsetting av Argo-bøyene er eit internasjonalt prosjekt med deltakarar frå meir enn 30 land. Prosjektet vart starta etter at forskarar i fleire land såg behovet for å få systematiske målingar i sanntid frå dei øvre 2000 metrane i havet, og no er målsetjinga om å sette ut 3000 bøyer akkurat nådd. Prosjektet gir mellom anna forskarane ein klimastatus av havet, og dei kan sjå om det skjer forandringar over tid.
Driv med straumen
Ein av fordelane ved å bruke Argo-bøyene er at ein får registreringar frå heile havet og ikkje berre frå ulike punkt, og at målingane blir gjort både vinter og sommar.
- Bøyene lever sitt eige liv etter at dei er satt ut. Dei driv med straumen på den djupna dei er førehandsprogrammert til å vere på, og kjem til overflata berre kvar tiande dag. På veg opp tek bøyene kontinuerlege målingar som vert sendt til land når bøya er på overflata saman med posisjonen som bøya har. Drivbanene til bøyene gir også heilt ny kunnskap om djupstraumane. Bøyene blir i overflata til all informasjon er sendt før dei søkk ned igjen og driv vidare med straumen, fortel Kjell Arne Mork. Han er ein av forskarane ved Havforskingsinstituttet som deltek i prosjektet og har nytte av all informasjonen frå bøyene.
Fleire målingar enn før
Tidlegare var forskarane avhengige av at målingar av temperatur, salthaldigheit og trykk vart gjort frå båt, noko som gav færre målingar enn i dag i mange område fordi det særleg om vinteren vart gjort færre målingar på grunn av vêrforhold. I tillegg var det eit problem at det ofte tok lang tid før målingane vart tilgjengelege for alle som trengte dei.
- No vert registreringane sendt til datasenter på land via satellitt, og derfrå blir dei gjort tilgjengeleg for alle interesserte så fort som mogeleg, fortel Mork.
Dataene er i dag til stor nytte i operasjonell havvarsling, mellom anna brukar fleire klimasenter over heile verden dei til å forstå korleis havet påverkar klimaet. Til dømes blir dataene brukt i klimamodellar for sesong og mellomårlege varslingar og til å forbetre varsling av større periodiske klimahendingar som El Niño.
Må fornye bøyene

- Dei to siste bøyene som vi sette ut i fjor, har fått ekstra sensorar slik at dei også kan måle oksygen og klorofyll. At bøyene også kan måle slike biologiske parameter, gjer at dei blir endå nyttigare, og meir interessante for fleire brukarar, seier Kjell Arne Mork.
kontaktpersonforskar les meir~meir om prosjektet ved Havforskingsinstituttet
|
