Seinare gjekk dei til russegrensa og følgde denne nordetter før dei igjen gjekk vestover. Det var lite å sjå austanfor, bortsett frå ein del gode førekomstar av sild. Nokre av prøvane inneheldt litt lodde saman med sild, men dette var lodde som ikkje var komen like langt i modninga som den ein har funne tidlegare. Begge båtane gjekk difor vestover igjen i går, for å freista finna att den lodda som stod nord av Ingøydjupet. Det har enno ikkje lukkast.
I går kveld gjekk ”Gardar” ut frå Tromsø, for å ta fatt på forsøka på å måla mengda av lodde. Dei gjekk ut Malangen i tilfelle lodda skulle ha kome så langt vest, men førebels har dei ikkje rapportert om funn.
På russisk side er det no ein båt, ”Boris Syromjatnikov”, ute. Han held seg i eit område like nord av Murmansk. Der har han lokalisert eit lite område med gode konsentrasjonar av lodde som siste dagane har flytta seg noko vestover frå der han først lokaliserte dette innsiget.
kontaktToktansvarlig lodde les meirtidlegare artiklar frå toktet: Lodde nord av Slettnes [02.03.07] ”Kvannøy” har lokalisert lodde [28.02.07] Loddeleiting i Barentshavet [ 19.02.07] |
