Heilt sidan MAR-ECO starta, har det blitt gjort ein stor innsats for å formidle det ein har oppdaga under toktet på Den midtatlantiske rygg. No har prosjektet ei utstilling som skal flytte rundt i fleire land, det har eiga nettside og bokprosjekt. I tillegg vert det arbeidd med å få laga eit dataspel som tar utgangspunkt i MAR-ECO.
I takketala sa Bergstad mellom anna at han er veldig glad for prisen, og at han deler æra med over 120 forskarar, studentar og andre frå 16 land som arbeidar med MAR-ECO. Særleg takka han “MAR-ECO Public Outreach Team” som er leia av Jo Høyer (Havforskingsinstituttet) og Morten Steffensen (Universitetet i Bergen). I tillegg takka han Census of Marine Life som MAR-ECO er knytt til, og andre som har vore med og finansiert og støtta MAR-ECO sitt arbeid med kommunikasjon. Han takka også Noregs Forskingsråd for nominasjonen, og juryen for anerkjenninga ved å gje MAR-ECO Descartes-prisen 2006.
kontaktAdm. dir. Kommunikasjonsdirektør les meir |
