Det er difor altfor tidleg å oppsummera. Men årets loddeinnsig synest å ha vore eit svært typisk innsig, der hovudtyngda av lodde kom frå aust inn mot Varangerhalvøya rundt 10. mars, medan eit vestleg innsig kom sørover over Nordkappbanken og Ingøydjupet mellom ei og to veker tidlegare. Gytinga syntest å ta til i Austfinnmark rundt midten av mars, men det er enno usikkert kor og når gytinga i vest vil føregå. Dette er ulikt det vi opplevde i fjor, då praktisk talt all lodda gjekk vestover, det var svært lite gyting aust av Nordkapp og ein del gytte så langt vest som i Vesterålen.
Når det gjeld det metodiske utbytet er det også for tidleg å konkludera. Vi har fått stadfest det vi har opplevd mange gonger før, at dei hurtige endringane i fordeling, den flekkvise fordelinga av dei mange små og tette stimane, fordelinga av sild og lodde i same området, og fordelinga av stimar høgt i sjøen, gjer det svært vanskeleg å få eit akustisk mål på lodda ved hjelp av ekkolodd på denne tida. I tillegg kjem problema med at vi ikkje har gode målingar av lodda sin akustiske målstyrke når ho står slik fordelt. Det finst nokre få eksperimentelle målingar som viser at dersom vi brukar den same målstyrken som under dei akustiske undersøkingane om hausten så vil vi overestimera mengda monaleg når ho står så høgt i sjøen. Dersom vi skulle ønskja å halda fram med slike undersøkingar som dette, vil difor det viktigaste vera å gjera målstyrkemålingar for å kunna rekna om ekkoloddmålingane til fiskemengde, og endå viktigare, å utvikla omrekningsfaktorar for å ta i bruk sonar til dette formålet.
kontaktToktansvarlig lodde les meir
|
