Hopp til hovedteksten
lodde_150.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Lodde nord av Slettnes

Rundt middagstider 1. mars såg ”Kvannøy” loddestimar knapt 10 nautiske mil nord av Slettnes. Dei var då på veg til Båtsfjord for å skifta ein trålsonde, og fekk difor ikkje teke prøver eller kartlagt nøye kor stort område det dreidde seg om. Det tyktes likevel vera eit relativt lite område. ”G.O. Sars” var også i området og tok ein prøve, som viste at lodda var frå 14 til 19,5 cm med middellengde 17,3 cm, og med middelvekt på 27,2 g. Dei fekk også sild i same trålhalet, så i dette området er det altså ein blanding av sild og lodde.

Det er no hardt vêr i området og dårlege meldingar. ”Kvannøy” ligg difor framleis i Båtsfjord medan ”Harvest” ligg i Honningsvåg. Så snart det vert arbeidstilhøve, vil dei gå ut for å undersøkja nærare både omfanget av loddestimar og tilhøvet mellom sild og lodde i området.

På russisk side av grensa leitar no fartøyet ”Boris Syromjatnikov” etter lodde. Den 27.-28. februar fann dei tette stimar av lodde aust av Murmansk, i eit område avgrensa av koordinatane 69º20’N og 69º40’N, 34º30’Ø og 36º00’Ø. Stimane stod i 10-50 m djup om natta og i 80-150 m djup om dagen, og lodda var frå 15 til 18 cm lang. Denne lodda var på vandring vestover langs kysten. Vurdert ut frå modningsstadium vil denne lodda gyta om eit par veker, og før den tid kan det vel henda at ho har nådd over på norsk side av grensa.

 

kontakt

Toktansvarlig lodde
Harald Gjøsæter
tlf. 55 23 84 17

les meir

tidlegare artiklar frå toktet

om lodde:
kap. 1.3 Havets ressurser og miljø 2006

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet