Medan ”Gardar” no går tette kursar for å freista mengdemåla denne lodda, leitar dei to andre seg austetter med sikksakk-kursar frå kanten og ut til 71º30’N. ”Harvest” kom i går kveld i gode registreringar nordvest av Nordkapp, men dette viste seg å vera sild. Denne silda trakk vestover i stor fart. ”Kvannøy” undersøkte registreringar omtrent nordaust av Nordkapp, og i dette tilfellet viste det seg å vera lodde. Ein prøve viste middellengde 17,4 cm (15,5-19,5 cm), middelvekt 25,5 gram og 62% hoer. Rognprosenten var 22,3. Det vart berre funne to stimar i dette området.
På russisk side av grensa er det lite nytt. Framleis melder dei om gode tette førekomstar i eit lite område rundt 69º40’N, mellom 34ºØ og 35ºØ, det vil seie rett aust av Fiskarhalvøya. Ut frå modningsstadiet meiner dei at denne lodda vil gyta om ei vekes tid. Det er uvisst om den passerar grensa mot Noreg før ho gyt, sidan ho ikkje har vandra særleg mykje dei siste dagane.
kontaktToktansvarlig lodde les meir |
