- Havforskingsinstituttet har ikkje eit nytt estimat for kor mykje lodde som kjem inn til kysten for å gyte som forskarane festar lit til, seier ansvarleg for toktet, Harald Gjøsæter, og forskingsdirektør Ole Arve Misund. Dei understrekar at målingane som er gjort under leitetoktet i vinter er basert på den målstyrken vi brukar om hausten. Eksperimentelle målingar vi har gjort dei siste åra har vist at målstyrken er større når lodda står nær overflata om vinteren. Bruk av same målstyrke som om hausten vil føre til ei overestimering av loddebestanden om våren. Under presentasjonen av dei førebelse toktresultata på Havforskingsinstituttet 28. mars vart det difor sterkt understreka at målingane som er gjort i vinter er svært usikre.
Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vedteke at ein ikkje skal bruka slike punktestimat som vi har fått under loddeleitinga som grunnlag for å fastsetje ein kvote for loddefisket, men at ein skal ta omsyn til uvissa i berekninga. Haustingsregelen seier klårt at det skal vere mindre enn 5 % risiko for at mindre enn 200 000 tonn får gyte før det vert opna for eit fiske. Metodetoktet og loddeleitinga som er gjort i vinter endrar ikkje på kunnskapen som ligg til grunn for Havforskingsinstituttet sine råd til forvaltinga om lodda i Barentshavet.
Havforskingsinstituttet vil understreke at Fiskebåtredernes Forbund tolkar både oss og haustingsregelen feil når dei hevdar at resultata frå toktet i vinter viser at det burde vore opna for eit loddefiske.
[30.03.07]
| Kontaktpersonar
Forskingsdirektør Ole Arve Misund, Forskar og faggruppeleiar Harald Gjøsæter, Kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft, |
