I september i fjor fekk Havforskingsinstituttet ein førespurnad om å hjelpe Fiskeridirektoratet med å finna kjelda til lakserømminga. Direktoratet hadde fått meldingar om uvanleg mykje rømt laks, men ingen hadde rapportert rømming.
Fiskeridirektoratet samla inn prøvar av laks frå alle anlegg som hadde laks av same storleik som rømlingane, og Havforskingsinstituttet analyserte materialet. Det lukkast også å få DNA-prøvar av rømlingane, som vart analysert.
Resultata viste at dei fleste rømlingane peika mot ein spesifikk merd og at det var svært lite truleg at rømlingane kom frå andre oppdrettarar.
Gjennombrot for forskinga
Havforskingsinstituttet har dei siste åra jobba målretta for å testa bruk av DNA til sporing av rømt laks. Ei rekkje andre forskingsmiljø i inn- og utland arbeider med tilsvarande metodar og problemstillingar. Denne undersøkinga representerer eit gjennombrot i arbeidet. Det er det fyrste tilfellet der laksen sine naturlege eigenskapar er brukt for å spora opphavet til ei rømming.
Slike analysar kan no gjennomførast raskt, og resultata føreligg i løpet av få dagar. Dei kan difor bli eit nyttig verktøy for fiskeriforvaltinga og oppdrettsnæringa sitt arbeid med å redusera talet på rømlingar.
Fleire metodar blir testa ut
Rømming i seg sjølv er ikkje ulovleg, men rømming kan vera ein indikasjon på uforsvarleg drift. Fiskeriforvaltinga har difor lenge leita etter metodar for å spora opphavet til rømt oppdrettslaks. I 2003 tok Fiskeri- og kystdepartementet initiativ til oppretting av eit utval som skulle vurdera alle mogelege metodar for å merkja oppdrettslaks. Fiskeridirektøren nedsette same år eit utval med representantar frå oppdrettsnæringa, forskingsmiljøa og delar av forvaltinga.
25. mai 2004 la utvalet fram sin rapport, der dei einstemmig konkluderte med at to metodar var mest aktuelle for vidare utprøving. Den eine er såkalla snutemerking, der eit stålmerke vert sett inn i snuten på laksen. Den andre metoden fokuserer på laksen sine naturlege eigenskapar, som DNA-profilar, lipidprofilar, sporstoff og isotopar. Undersøkinga av rømt laks i den aktuelle saka på Vestlandet er knytt til prosjektet TRACES, der Havforskingsinstituttet saman med andre forskingsmiljø testar ut fleire metodar for sporing av rømt laks.
Konferanse i juli
Kunnskapsstatus på genetiske interaksjonar mellom akvakulturverksemd og ville bestandar vil bli lagt fram og diskutert på et symposium i Bergen, 2.-4. juli i år.
les meirGjennombrudd for sporing av rømt oppdrettsfisk[Fiskeridirektoratet 23.03.07] Genetic Impacts from Aquaculture kontaktpersonarForskar Kommunikasjonsrådgjevar |