Stamfisken kan førast heilt tilbake til gjennombrotet i yngelproduksjon i 1983. Med unntak av ein generasjon der den blei brukt i havbeiteforsøk, har denne stammen vært i oppdrett i seks generasjonar.
All den genetisk merka yngelen som er produsert, går inn i eit større forskingsprosjekt med sikte på å studere genetisk interaksjon mellom oppdrettstorsk og vill torsk. Det er lagt opp til eit fullskala forsøk i samarbeid med næringa. Det vil bli utført omfattande prøvefiske i området der den genetisk merka fisken står for å spore innverknad på den ville fisken.
Bakgrunn
Torsk kan gyte i merden, og dermed kan befrukta egg drive ut i omgjevnadane. Ved hjelp av det genetiske merket kan forskarane analysere og finne ut om ein torsk fanga i sjøen er villfisk eller om den kjem frå merden. Dersom villtorsk og oppdrettstorsk får avkom saman, vil det genetiske merket gå vidare til avkommet og krysningar vil dermed lett kunne påvisast.
les mer~feltstasjon Parisvatnet kontaktforskar driftsleiar
|
