| Biletet over viser eit rognkjeksgarn med stolpe som blir satt ut. Det mørke notstykket er garnskjørtet som er sydd fast til sjølve rognkjeksgarnet som ein ser ved sida av. |
Prosjektet ”Redusere bifangst av kongekrabbe i rognkjeksfiske” starta for tre år sidan, men det er først i år ein har prøvd ein metode som har vore vellukka. Med den nye metoden blir faren for at garna går fulle av kongekrabbe redusert, samtidig som fangsten av rognkjeks synes tilfredsstillande oppretthalde. Dei andre metodane som har vore prøvd har medført for stort fangsttap av rognkjeks. Ein ekstra bonus med den nye metoden er at det blir mindre tang og skit i garna når ein brukar skjørt. Ideen om å bruke garnskjørt kom på ein idédugnad som faggruppe Fangst hadde i fjor etter at dei ikkje hadde funne noko brukbar løysing på problemet med kongekrabbe i garna. Der blei ein idé om å bruke eit garnskjørt under sjølve garnet diskutert, og den blei vidareutvikla til det garnet som er testa ut no.
Rognkjeks sym over hinder
Både kongekrabbe og rognkjeks bevegar seg langs havbotnen, men når dei møter garnskjørtet, oppfører dei seg forskjellig, og det er grunnen til at den nye metoden fungerar. Når rognkjeks møter eit hinder, står den og stangar litt i det før den sym oppover for å komme over. Dermed sym den inn i garnet sjølv om det er satt inn eit skjørt nederst. Når kongekrabben møter skjørtet, går den langs garnet og prøver å komme rundt sidan den ikkje likar å klatre i lause notmasker. På sikt håpar dei som deltek i forsøket at metoden vil bli så brukarvennleg at fiskarane tek han i bruk. Å bruke garn med notskjørt kan kanskje også være løysinga for fiskarar som har problem med at dei får garna fulle av taskekrabbe.
Forsøket
![]() Bifangst av kongekrabbe i eit rognkjeksgarn utan garnstolpe. |
Under forsøket med garnskjørt, vart det prøvd med skjørt som var 70 cm og 40 cm høge. Dei endelege tala frå fisket er ikkje heilt klare endå, men det ser ut som eit garnskjørt på 70 cm gir best effekt.
Forsøket er finansiert gjennom Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond (FHF). Prosjektleiar er Gjermund Langedal på Fiskeridirektoratet. Årets forsøk vart gjort i Bugenes i Varangerfjorden frå 13. til 24. mai. Det blei fiska med rognkjeksgarn både med og utan garnstolpe for å kunne sjå på forskjellane. Det har også nylig vært utført studiar av symjemønsteret til rognkjeks merka med akustiske sendarar. Ein er spesielt interessert i å få meir kunnskap om den vertikale symjeåtfera under gyteinnsiget, og kor lenge den oppheld seg i et gitt område.
kontaktpersonerProsjektleiar Forsker Redskapskonsulent |

