Hummarlarvar blir sjeldan sett i naturen, og er berre funne ein gong tidlegare i Noreg. Det var i 1996 då Havforskingsinstituttet tråla etter hummarlarvar utanfor Kvitsøy i Rogaland i samband med eit havbeiteprosjekt. Då vart det funne larvar i stadium I i byrjinga av august. Ingen av våre utanlandske kontaktar som arbeidar med europeisk eller amerikansk hummar har tidlegare funne nyklekte hummarlarvar så tidleg som i april. Desse funna stiller foreløpig fleire spørsmål enn kva forskarane kan svare på, men høgare sjøtemperatur om vinteren kan vere ein årsak.
Havbeiteprosjekt
Som ein del av eit havbeiteprosjekt med hummar, blir det halde hummaryngel på Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Parisvatnet. Også her har forskarane sett at hummaren gyt i andre periodar enn tidlegare. Hos nokre av humrane er egga for lengst klekt, medan egga hos andre kjem til å klekke i løpet av sommaren. Dei siste egga kjem til å klekke i august. Noko av skilnaden på gytetidspunkt kan sannsynlegvis forklarast med den høge sjøtemperaturen i fjor sommar og haust. Den medførte at ein del humrar skifta skall seinare enn vanleg, og sidan eggutviklinga heng saman med tidspunktet for skallskifte, kan dette ha påverka klekketidspunktet.
Funnen tilfeldig
Hummarlarvane i Austevoll vart oppdaga tilfeldig under arbeid med prosjektet ”Gyting i merd”. Som ein del av dette prosjektet der ein undersøker effektar av att oppdrettstorsk gyt i merdane, blei det i midten av april gjort undersøkingar med MIC-trål for identifisering av genetisk merka torskelarvar i området. Ved gjennomgang av fangstane var overraskinga stor då dei relativt store hummarlarvane (1-1,5 cm) vart oppdaga.
kontaktpersonarKnut Jørstad Ann-Lisbeth Agnalt Ole Ingar Paulsen les meir |
