Prøvane frå ”Håkon Mosby” vert no analyserte ved Havforskingsinstituttet sitt kjemilaboratorium i Bergen.
I tillegg til dette er sjarken ”Vikingfjord” leigd inn for å fiske med teiner i utsleppsområdet. Denne fisken skal analyserast for innhald av oljekomponentar i galle, lever og muskel. Resultata frå desse prøvane vert tidlegast klare fredag neste veke.
- Vi må skaffe oss så mykje informasjon som mogleg om konsekvensane av dette utsleppet. Vi har difor omdisponert ”Håkon Mosby” i to dagar for å få samle inn data, seier administrerande direktør Tore Nepstad.
Kart over området

Dei røde ringane på kartet indikerar kor vassprøvane er tekne.
Hellesøy fyr ligg midt i den nedste gule ringen på kartet.
