Hopp til hovedteksten
Parisvannet200.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Parisvatnet feira 20 år

Foredrag på Kystmuseet i Øygarden, omvisning på anlegget i Parisvatnet og lunsj med sjømat på menyen sto på programmet forrige veke då feltstasjonen i Parisvatnet feira 20-års jubileet sitt.

Under foredraga fekk vi høyre historia om torskeoppdrett, og at Parisvatnet har vore ein svært viktig del av denne utviklinga. For forskarane har Parisvatnet vore ein unik stad der dei kan drive forsøk med fisk både i pollen, i kar på land og i merdar ute på sjøen. I tillegg har stasjonen klekkeri slik at heile livssyklusen kan undersøkast. For oppdrettsnæringa har stasjonen sikra tilgang på torskeyngel i periodar der dei kommersielle intensive anlegga ikkje har lukkast med sin produksjon.

- Det er kjekt å feire 20-års jubileum for noko som bare skulle vare i tre år, sa Håkon Otterå under foredraget sitt og fortalte om at då stasjonen vart starta opp, skulle den vere i drift i berre tre år. Han har, saman med Jan Pedersen vore involvert i drifta ved Parisvatnet heilt sidan oppstarten.

Parisvannet2_200.jpg
Karl Petter Myklebust frå Nærøysund Matfisk framheva kor viktig Parisvatnet har vore for torskeoppdrettarane i startfasen av næringa.

Jan Pedersen er driftsleiar ved stasjonen, og tok seg av omvisninga ved Parisvatnet. Til tross for regn var det interessant å sjå på pollen og høyre om produksjonen der. Vi fekk og sjå oss om på kaia nede ved merdanlegget, og innandørs kunne vi forsyne oss med bagettar, kaffi og te.

Jubileumsseminaret vart avslutta med lunsj på kystmuseet, der rettar frå havet sto på menyen.