Hopp til hovedteksten
lodde_200.jpg
Utskriftsvennlig versjon

"Kvannøy" har lokalisert lodde

Klokka 02 i natt kom MS "Kvannøy" opp i noko lodde nord av Ingøydjupet, rundt posisjon 72˚ nord og 22-23˚ aust. Prøver viser at dette var lodde mellom 14.5 og 19.5 cm med gjennomsnittsvekt på rundt 25 gram. Rognprosenten var på 16.7. Lodda stod i stimar og flak nattestid, og løyste seg noko opp i grålysninga, men utetter dagen har ho igjen samla seg i tettare stimar, på overflata og ned til vel 100 m djup. Stimane synest vera på sakte sig i vest- til sørvestleg retning.

Etter dei første funna har både "Kvannøy" og "Harvest", som låg litt lengre sør, kartlagt området meir detaljert og avgrensa det i alle retningar. Det viste seg å ikkje ha så stor utstrekning, berre ca 12 nautiske mil i nord-sør retning og noko meir i aust-vest.

Litt sør om dette området fann "Harvest" i natt sildestimar, i posisjon 71,33 nord og 23,24 aust.
Begg fartøya held no fram med leitinga si austetter langs eit på førehand oppsett kursnett.

~les meir om loddeleitinga