Hopp til hovedteksten
lodde-200.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Haustingsregelen for lodde

Det er mange som misforstår forvaltingsregelen for lodde, eitt døme er Einar Lindbæk sitt intervju med Harald Gjøsæter i "Fiskaren" 7. desember 2007 , der Gjøsæter vert sitert som "Hvis bestanden er på 400 000 tonn, vil det bli et fiske på 200 000 tonn". Denne formuleringa, som jounalisten ikkje har frå Gjøsæter, kjem frå ei misvisande samanblanding av omgrep.

Haustingsregelen for lodde baserer seg på føre-var prinsippet, som seier at di større uvisse, di forsiktigare må ein vere med fisket. Regelen som vert brukt kan formulerast slik: Det skal vere høgst 5 % sannsyn for at gytebestanden er mindre enn 200 000 tonn.

Fleire framskrivingar og summen av sannsyn

Vi baserer oss ikkje på ei framskriving av gytebestanden frå haustloddetoktet som eitt punkt, men vi gjer tusenvis ulike framskrivingar, som kvar enkelt er like sannsynleg. Gytebestanden vert då ikkje eitt tal, men ei samling av ulike tal, og vi tel rett og slett opp kor stor andel som er mindre enn 200 000 tonn.

I ein situasjon der 5 % av framskrivingane gjev ein gytebestand mindre enn 200 000 tonn vil sjølvsagt middelverdien vere høgare, i dei fleste tilfelle opp mot 500 000 tonn. I dei framskrivingane vi har gjort av gytebestanden i 2008 fann vi at 15 % var mindre enn 200 000 tonn, men middelverdien var 330 000 tonn. Di større uvisse, di større vil skilnaden mellom middelverdi og 5 %-grensa vere. Uvissa kjem frå uvissa i hausttoktet, uvisse i den modellen vi bruker for torskens beiting i perioden januar-mars og uvisse i dødeligheten i perioden oktober-desember. Reduksjon av uvissa vil føre til høgare kvoter, auke av uvissa vil føre til lågare kvoter. Ein del av uvissa er naturbestemt, ein del kjem av kor mykje ressursar som vert brukte på bestandsestimeringa.

Journalisten i dømet frå "Fiskaren" har blanda saman middelverdien og 5 % tiltaksgrensa.

Meininga med dette innlegget har vore å prøve å klarleggje kva som  er den gjeldande haustingsregelen. Korleis den bør vere (skal vi bygge inn omsynet til torskebestanden, skal vi vere meir opne for eit avgrensa fiske til konsum når bestanden er liten) er ein annan diskusjon, som vi gjerne kjem tilbake til ved seinare høve.