Hopp til hovedteksten
Kolmule_lengde_alder.gif
Utskriftsvennlig versjon

Førebels rapport frå kolmulegranskingane i 2007

Mengdemålt fisk er om lag 1/3 av det vi målte i fjor i same område. Det er svært lite nyrekruttering noko som delvis kan forklare dei lave målingane. Kolmula fordeler seg vidt og vår dekking er litt tidlegare enn i fjor. Vi venter at MS "Eros" sine resultat saman med den internasjonale innsatsen vil gi eit godt bilete av situasjonen. Det er derfor viktig å avvente resultata frå den totale innsatsen før dei endelege konklusjonane vert dregne.

Samansetninga av fangstane (Fig. 4) viser at det er lite rekruttering av nye årsklassar i gytebestanden. Det er årsklassane 2000-2003 som dominerar. Dersom ikkje yngre årsklasser viser seg i gytebestanden seinare i sesongen tyder det på ein dårleg rekrutteringssituasjon.

Internasjonalt forskingssamarbeid om kolmule

Mengdemåling av gytebestanden av kolmule vert no gjennomført som ein internasjonal innsats der Noreg har hatt ein koordinerande rolle. I 2007 var ingen av våre forskingsfarty tilgjengelege for dette toktet og M/S ”Eros” er innleigd for å gjennomføre jobben. Mikko Heino, som er bestandsansvarleg for kolmule, vil ta del i det Irske toktet på Celtic Explorer og koordinere datainnsamlinga derifrå.

Fylgjande båtar og nasjonar er oppsette til å vere med:

  • "Atlantida", Russland; Fekk store problem med maskineriet og måtte avslutte før tida. Har dekka frå Rockall og vest og sørover
  • "Celtic Explorer", Irland; startet toktet sitt 28. mars
  • "Magnus Heinason", Færøyane; Dekkjer nordlege del av utbreiingsområdet
  • "Tridens", Nederland; Har dekka sørlege del av utbreiingsområdet opp til der Eros starta
  • "Eros", Norge; Har dekka sentrale områder frå 56o til 60o 30’N

Bedre dekning med samarbeid

Noreg har gjennomført dette toktet i omlag 25 år, berre med avbrot i 1997. Russland har vore med av og til. Det er berre dei siste åra at det har vorte system i eit internasjonalt samarbeid. Dette har gjort det mogeleg å få ei betre dekning, men ein er også meir sårbar for metodiske varisjonar mellom land. Det vert lagt stor vekt på standardisering og så ofte som mogeleg vert det gjennomført interkalibrering mellom farty.

Kolmulekart350.jpg

Figure 1. Kursar og stasjonar med M/S "Eros". Trekant viser trålstasjonar og z viser stasjonar for temperatur og saltmålingar.

Kolmulebetanden har vore rekordstor dei siste åra. Dette kjem av årviss rekruttering over det som ein før 1995 rekna som sterke årsklassar. Framskriving av bestanden har vore vanskeleg fordi vi ikkje har gode mål for rekruttering. Det er derfor viktig å kunne vurdere korleis nye rekruttar kjem inn i gytebestanden.

kolmulefordeling350.jpg

Figure 2. Fordeling av tettleikar per nautisk mil av kolmule gitt med storleiken av boblane langs kurslina.

Erfaring med bruk av fiskefarty

Havforskningsinstituttet har lang erfaring i bruk av fiskefarty under tokt. Å bruke fiskefarty til akustiske tokt stiller store krav til fartyet og utstyret. M/S ”Eros” vart i vinter oppgradert som den andre fiskebåten i verda med senkekjøl. Dei har også sett in 5 akustiske frekvensar (18,38,70,120 og 200 kHz). Fartyet er støymålt ved Forsvaret sin stasjon på Hegreneset og instrumenta vart kalibrert før toktstart. Støymålingane var svært fordelaktige og stiller "Eros" i same klasse som F/F "Johan Hjort". Rederiet har utrusta båten med ein laborartoriekontainer i den eine notbingen, noko som fungerar ypperleg for vår prøvetaking. Vi fekk også installert ein av våre winchar med optisk kabel på fordekket slik at vi kan bruke vår TS-probe. Eit instrument med fleire ekkolodd som kan senkast ned til fisken og gi oppløyste registringar i einskildindivid. Dette instrumentet vert brukt til å måle akustisk målstyrke til kolmule. Målstyrke er nøkkelinformasjon for å konvertere akustisk mengde til reell fiskemengde.

Erfaringa med M/S "Eros" er svært gode. Rederi og mannskap har vist at dei effektivt kan tilpasse fartyet til forskingsfarty. På havet fungerer fartyet og rutinane etter forventingane. Dataene vi får er fullverdige samanlikna med det som vert samla inn frå forskingsfarty. Personleg har eg lært noko om kor effektivt sonar kan vere for å registrere klumpa kolmule fordeling.

Våre målingar så langt

Vi er no i slutten av vår deking. Dei oppsette kursane er gjennomførde og no står det berre igjen å gjere ein del målstyrkemålingar og dessutan ta forskingsfangsten.

I Figur 1 er kursar og stasjonar viste. Fordeling og variasjon i tettleik av kolmule er gitt i Figur 2. Kolmula er fordelt over nokre avgrensa område. Samanlikna med tidlegare år er fordelinga meir avgrensa og i mengde er det også mindre enn i foregåande år. I Figur 3 er det vist ruteverdiar av kolmule samanlikna med 2006. Dekninga i år er litt tidlegare enn i foregåande år, men vi trur dette berre i avgrensa grad kan forklare den betydelege nedgangen. Det har tidlegare vore usikre på kor stor innverknad tida for dekking har. Derfor skal "Celtic Explorer" dekke området etter oss. Dette vil hjelpe oss å vurdere effekten av dekkingsperioden på toktresultatet.

Kolmule_akustiske-verdier35.gif

Figure 3. Snitt av akustiske verdiar per 1 x 2  graders rute. Svarte verdiar gir resultata fra toktet med "Eros" medan blå tall gir ei samanlikning med tilsvarande tal for heile toktet i fjor.

 
 

Fakta om kolmule

Latinsk navn: Micromesistius poutassou
Andre norske navn: Blågunnar, blåhvitting, kolkjeft
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Maks størrelse: 50 cm og 800 g
Levetid: Opptil 20 år, men sjelden over 10 år
Leveområde: Hele Nord-Atlanteren fra Svalbard til Marokko samt Middelhavet
Hovedgyteområde: Vest for De britiske øyer
Gytetidspunkt: Februar–april
Føde: Spiser krill, amfipoder og småfisk
Særtrekk: Har fått navnet kolmule fordi munnhulen og gjellehulene er svarte

Kolmule

Kontaktpersoner

Mikko Heino
55 23 85 00
Olav Rune Godø
404 37 671