Kvart år i februar-mars får planktonalgane ei oppblomstring på grunn av ein kombinasjon mellom tilgang på næring og lengre dagar. For å følgje med på denne veksten, og særleg på dei algane som kan vere skadelege, samarbeidar Havforskingsinstituttet, Noregs Veterinærhøgskole, SINTEF, NIVA, Fiskeridirektoratet og Mattilsynet kvart år om algeovervaking langs heile kysten.
I fjor føregjekk denne landsdekkande rutineovervakinga, som er i regi av Mattilsynet, frå 11. mars og ut året. I år kom den første algeinfoen 27. mars, den neste kjem 3. april. Ein av målestadane er i Flødevigen ved Havforskingsinstituttet sin forsøksstasjon, men totalt blir det tatt prøver på ca 50 ulike stasjonar frå Østfold til Finnmark. Resultata frå overvakinga blir som oftast lagt ut på Internett kvar fredag, og dei er ein del av grunnlaget for Mattilsynet sine kosthaldsråd. På algeinfo finn ein oversikt over alle algar som er funne, men dersom ein treng råd om til dømes blåskjel er giftige, finn ein desse på Mattilsynet sine nettsider.
