Hopp til hovedteksten
Forskningsstasjonen-Flodevi.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Har du sett lusa i sjøen?

Ikkje det? Då må du besøke Forskingsdagane i Bergen førstkommande laurdag. På Havforskingsinstituttet si forskingsstasjon kan store og små studere lakselus og andre små snyltarar nærare. Kan lusa symje? Må dei ha fisk for å leve? Og korleis har fisken det når den vert besøkt av lus? Dette og mykje meir får du vete om du kjem til Vågsallmenningen 23. september.

Lakselus er ikkje eit nytt fenomen. Desse lusa har vore omtala sidan 1700-talet. Dei er omkring ein centimeter og kan leggje om lag 750 egg kvar tiande dag.

lakselus350.jpg

Lakselus - hunn og hann
Foto: Lars Are Hamre

Lus under lupa

Dei siste 20 åra har desse små snyltarane vore under lupa hos Havforskingsinstituttet. Folk flest har høyrt om lusa i samband med oppdrettslaks, men i dag er det kanskje villfisken som har det største problemet med lakselus. For lusa har ikkje lett for å komme seg inn i merden til oppdrettsfisken, og har oppdrettslaksen fått på seg lus, kan den få fôr som gjer at lusa ikkje trivst på fisken. Villfisken har ikkje nokon til å hjelpe seg og vert ofte ikkje kvitt lusa før den sym opp i elva for å gyte. Lusa liker nemleg ikkje ferskvatn!

For at oppdrettsfisken skal ha det best mogleg i merden, må ein vite korleis ein skal fjerne lusa om dei festar seg på fisken. For å finne ut metodar for å fjerne lakselus må forskarane ha ein heil del kunnskap om lusa. Kunnskapen delar dei med deg dersom du kjem på kunnskapsfesten.

Har fisken det bra?

Elevar ved 6.-klasse på Skjold skule har saman med forskarar frå Havforskingsinstituttet forska på om fisk som vert påverka på ulikt vis vert så stressa at det verkar inn på appetitten. Ei gruppe påverka fisken ved å blinke med lysa, ei gruppe kikka oppi karet og ei tredje gruppe hova ut, bedøvde, vog og målte fisken. Kven av fiskegruppene åt minst etter å ha vore påverka? Var det store skilnader mellom gruppene? Og, var fisken framleis stressa to timer etter påverknaden? Dette er nokre av spørsmåla elevane skal finne svar på i forskingsprosjektet. Resultata vert presenterte for andre 6.-klassingar på skuledagen førstkommande fredag.

Veier-og-maler350.jpg

Elevene veier og måler laks ved Forskningsstasjonen Matre

Kunnskapsfest med lus og anna forskingsmorro

Lakselus og anna sjølus vert lagt under lupa slik at de sjølve kan ta dei nærare i augesyn. Det vert også mogleg å leike språkdetektiv eller prøve seg som kikholskirurg om du tek turen til Forskingsdagane sitt arrangement. Fredag er det berre inviterte skuleklassar som får boltre seg med ulike forskingstema. Laurdag er det ope for alle frå kl. 1100-1500.

Havforsking for små og store i Tromsø òg

På Strandtorget i Tromsø skal forskarar frå Havforskingsinstituttet vise forskjell på kongekrabber og trollkrabber, og korleis det går an å sjå kva som er hokrabber og kva som er hannar. Veit du ikkje kva kongekrabben eter, så må du leggje turen til Strandtorget og slå av ein prat med forskarane. Kanskje får du sjølv sjå kva som er inne i magen til kongekrabben?

Kongekrabbe350.jpg

Også sel, blåkveite, torsk og haneskjel får du lære noko om dersom du kjem fredag og laurdag. Korleis veit vi kor gamal ein sel er? Eller ein fisk eller eit skjel?

Fredag blir det spørjekonkurranse for skuleelevane med boka ”Sjømat fra fjæra” som gevinst.


Unge forskarspirar i Flødevigen

Torsdag i neste veke blir det avvikla Forskingsdagar i Flødevigen. Då skal nærare 60 skuleelvar frå Arendal vgs. og Risør vgs. vere forskarar for ein dag på Noregs eldste marine forskingsstasjon.

Forskningsstasjonen-Flodevi.jpg

Forskingsstasjonen Flødevigen

Elevane skal gjere miniforskingsprosjekt i grupper og leggje fram resultata for kvarandre på slutten av dagen. Mellom anna skal dei ”gå under vatn” med fjernstyrt kamera, finne ut om torsken i Arendal er i familie med torsken i Tvedestrand ved hjelp av DNA-analysar og mykje anna. Etter undersøkingane får vi kanskje vite kva ein liter sjøvatn inneheld?
 

 

Forskingsdagane i Bergen

Meir om Forskingsdagane i Bergen 2006

Tromsø

Forskningstorget i Tromsø

Flødevigen - Arendal

Forskar  for ein dag