Hopp til hovedteksten
Fstasjon_lord_gutt350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Marint forskingsmangfald

Fredag og laurdag gjekk Forskingsdagane av stabelen, og Havforskingsinstituttet engasjerte små og store med ymse forskingsaktivitetar både i Bergen og Tromsø. I Tromsø vant Havforskingsinstituttet prisen for beste stasjon på Forskningstorget.

- Ka e' det der? Spurde dei aller fleste som besøkte Havforskingsinstituttet si stasjon på Forskningstorget i Tromsø. Dei peiker på den runde gul-oransje saken som kan likne på ein hjerne om det ikkje hadde vore for dei oransje utvekstane. Det uvanlege sjødyret er ein vortesvamp. Ikkje mange har sett ein sånn før. Dei frammøtte fikk òg lære korleis vi kan sjå alderen på tildømes sel og fisk. Ungane kunne leite etter ”havets gull” og være med i konkurranse. Kongekrabben stod også i fokus, og dei to hannkrabbane kunne granskast inngåande. Juryen likte det dei såg og sa mellom anna i si grunngjeving at vi fekk prisen for eit godt pedagogisk opplegg og for ein interaktiv stasjon der dei som spurde fekk gode forklaringar.  Og det er jo det viktigaste med Forskingsdagane; vi skal inspirere og gjere dei besøkande nyfikne gjennom aktivitetar der dei kan lære om forskinga vår.

gul_ball350.jpg

Ein vortesvamp.

Vinnarane av konkurransen på forskingsstasjonen til Havforskingsinstituttet er:
Fredag: Niki Engh og Sigbjørn Lægdene 
Laurdag: Kiniena Tekie og Morten Andersen.
Dei har vunne kvar sitt eksemplar av boka ”Sjømat fra fjæra”. Meir om boka.

E' det der lus?

Fredag vrimla det av nyfikne ungar på Vågsallmenningen i Bergen, 640 i talet. Dei besøkte alle forskingsstasjonane og samla puslebitar ved å svare på etiske dilemma. Kva gjer du med fisken når du har tatt den av kroken, spurde vi. Veldig mange av ungane visste at fisken måtte kakkast i hovudet så den døydde med ein gong. Aldri for tidleg å få dei interesserte i fiskevelferd.

elever_350.jpg

Mange av elevane torde å ta i lusa.

É det der lus? Finst dei i sjøen? var det fleire som lurte på. Mange syntest det var fascinerande at dei hang på fingeren nesten slik dei heng på fisken. Og sjølv om lusa var rundt ein centimeter og godt kunne haldast, syntest dei det var ganske kult å få studere dei nærare i mikroskop òg. Det å sjå blodet pumpe gjennom tarmen og oppdage at lakselusen hadde auge, vekka oppsikt både hos dei unge og dei litt eldre, fredag som laurdag.

Har fisken det bra?

Skuleprosjektet vi hadde saman med 6. klasse frå Skjold skule ble presentert for elever frå Krohnengen og Kronstad skule. Gjennom ulike fôringsforsøk på forskingsstasjonen i Matre fann dei ut at fisken har det best om den har det stille og roleg, stabile lysforhold og riktig og nok mat. Fisken dei vog og målte åt mindre enn fisken som berre blei kikka på.

Foredrag_350.jpg

Foredrag frå skuleprosjektet til 6. klasse frå Skjold skule.

Her er noko av det elevane jobba med i skuleprosjektet.

Kva er eit ping?

Nyfikne vaksne hadde laurdag møtt opp på Strædet pub for å høyre kva som skjulte seg bak overskrifta ”Ping! En fisk. Ping! To fisk…” Her fekk dei høyre at eit ping er lyden som lydbølgjene gjer frå seg når dei vert sende ned i sjøen for å registrere fisk. Om lydbølgja treffer fisk, mottar forskarane eit ekko. Ulike ping ble eksemplifisert, og stipendiat Ruben Patel fortalde òg korleis forskarane med den nye teknologien kan telje kor mange fisk det er i ein stim.

”Frisk som en fisk – bare tull?” spurde forskingsgruppeleiar Øyvind Bergh i sitt foredrag der han prøvde å avlive myten om at oppdrettsfisk er meir sjuk enn villfisk.

Fstasjon_lord_gutt350.jpg

Skjermen oppe til venstre viser det same som guten ser i mokroskopet, lakselusegg.

Mange av Havforskingsinstituttets område vart formidla til fleire tusen som besøkte Forskingsdagane fredag og laurdag i Bergen og Tromsø. Kanskje har vi klart å auke interessa for marin forsking med denne innsatsen?