Instituttet sitt budsjett er pris- og lønsregulert, og i tillegg er det sett av 2 millionar kroner til oppfølging og evaluering av nasjonale laksefjordar og laksevassdrag.
Det er ikkje sett av midlar til opptrapping av botnkartleggingsprogrammet MAREANO. MAREANO vert vidareført nominelt, noko som inneber at vi får 7,87 mill. kroner til Havforskingsinstituttet sin del av programmet.
Til drift av forskingsfartøya er det føreslått ei auke på 6 mill. kroner til kostnadseffektive tiltak for å redusere nitrogenoksid (Nox) frå fartøya våre, og 6,4 millionar kronar som kompensasjon for NOx-avgifta.