Norsk vårgytande sild
Dette er ein av dei største fiskebestandane i verda, med ein gytebestand på om lag 10,3 millionar tonn. ICES si vurdering er at bestanden har full reproduksjonskapasitet, og at den vert hausta berekraftig. Den sterke 2002-årsklassen dominerer no gytebestanden saman med 1998- og 1999-årsklassane, i tillegg er 2004-årsklassen sterk.
I 1999 vedtok EU, Noreg, Russland, Island og Færøyane ein forvaltingsplan for denne sildebestanden, men dei siste åra har desse landa ikkje vorte samde om ein totalkvote. ICES meiner forvaltingsplanen er i tråd med føre-var-prinsippet og tilrår at sildebestanden vert forvalta i tråd med den. Det tilseier ein fangst i 2007 på 1,28 millionar tonn. Eit uttak på dette nivået vil gi ein gytebestand på i overkant av 10 millionar tonn i åra som kjem.
Venta fangst i 2006: 967 000 tonn. Det vart ikkje oppnådd avtale om totalkvote for 2006.
~ meir om norsk vårgytande sild
Makrell
Det vert hausta for mykje makrell i Nordaust-Atlanteren og dermed er ikkje uttaket berekraftig. Offisiell statistikk viser ein fangst på 458 000 tonn i 2005, men ICES meiner at det er teke ut minst 543 000 tonn. Dette talet er brukt i vurderinga av bestanden, sjølv om berekningar viser at det er svært sannsynleg at uttaket ligg minst 60 % høgare.
Forvaltingsregelen som EU og Noreg er einige om for den nordaustatlantiske makrellen gir ein totalfangst i 2007 mellom 390 000 og 509 000 tonn. Eit uttak på dette nivået vil gi ein litt større gytebestand i 2008 enn i 2006.
ICES tilrår at kvoten partane vert samde om, må dekkje alle områda der det vert fiska nordaustatlantisk makrell. Nordsjømakrellen er framleis på eit lavt nivå, og derfor tilrår ICES særskilde tiltak for å byggje opp att denne delen av bestanden.
Totalkvote 2006 – 444 000 tonn.
Lodde
Reproduksjonsevna til loddebestanden i Barentshavet er framleis redusert. I september 2006 vart den modnande delen av bestanden målt til om lag 435 000 tonn. Sjølv utan eit fiske, viser utrekningar at ca. 190 000 tonn vil vere att av denne bestandsdelen når gytinga tek til i april 2007. I den vedtekne forvaltingsplanen for loddebestanden er partane samde om at det skal vere meir enn 95 % sannsynleg at den modnande delen av bestanden er over 200 000 tonn. Derfor tilrår ICES at det ikkje bør fiskast lodde i Barentshavet i 2007.
ICES tilrår heller ikkje fiske på loddebestanden ved Island, Aust-Grønland og Jan Mayen no. Før det kan bli tilrådd eit fiske, må det leggjast fram ny informasjon om storleiken på bestanden, og det må dokumenterast at gytebestanden er på minst 400 000 tonn i mars 2007. Grunnen til dette er at alt tyder på svært dårleg rekruttering til denne bestanden dei siste åra.
Kolmule
Kolmulebestanden har god reproduksjonsevne, men den vert ikkje hausta berekraftig. Gytebestanden er truleg over føre-var-nivå, og rekrutteringa har vore svært god dei siste ti åra. Toktresultat tyder derimot på ein svak 2005-årsklasse. Årleg fangst har vore over 2 millionar tonn sidan 2003, noko som er mykje høgare enn det bestanden tåler.
ICES har evaluert forvaltingsplanen som Noreg, EU, Island og Færøyane vedtok i desember 2005 og funne at den ikkje er i tråd med føre-var-prinsippet. Mellom anna konkluderer ICES med at det er høg risiko for at bestanden fell under kritisk nivå ved lav rekruttering. Kolmulefisket føregår berre på nokre få årsklassar. Gytebestanden minkar og er venta å minke enno meir dersom den vedtekne forvaltingsplanen vert følgd.
ICES tilrår at totalfangsten av kolmule i 2007 vert mindre enn 980 000 tonn slik at haustinga kjem under føre-var-nivå.
Fangst 2006: 2,1 millionar tonn (berekna fangst i tråd til forvaltingsplanen).
Vestleg taggmakrell
ICES konstaterer at det ikkje er muleg å gjere gode nok bestandsutrekningar for taggmakrell. Rådet for 2007 er derfor som tidlegare: Kvota bør ikkje overstige 150 000 tonn, som er rekna for å vere eit berekraftig uttak så lenge det ikkje vert rekruttert ein ny, spesielt sterk årsklasse. Det vert vidare tilrådd å utvikle ein forvaltingsstrategi som tar omsyn til fisket både på ungfisk og vaksen fisk.
Råd 2005 – 150 000 tonn. Totalfangst 2005 – 182 000 tonn.
Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Den austlege engelske kanalen
Sidan rekrutteringa til denne torskebestanden har vore dårleg dei siste åra, vil berre null fangst i 2007 og 2008 føre til at gytebestanden kjem over føre-var-nivået, meiner ICES.
Torskebestanden i desse områda ser ut til å ha sviktande reproduksjonsevne og den vert ikkje hausta berekraftig. Gytebestanden er langt under det kritiske nivået, medan haustinga ser ut til å ha minka litt sidan 2000. Årsklassane frå 2001 til 2004 er alle berekna til å være langt under gjennomsnittet, og sjølv om resultat frå tokt indikerer at 2005-årsklassen er sterkare, er også den under gjennomsnittet.
Totalkvote i Nordsjøen 2006 – 23 205 tonn (pluss 3315 tonn i Skagerrak).
Hyse i Nordsjøen og Skagerrak
Hysebestanden i Nordsjøen og Skagerrak ser ut til å ha god reproduksjonsevne, og den vert hausta berekraftig. Gytebestanden, som vart berekna til 256 000 tonn i 2005, er truleg redusert til ca. 230 000 tonn i 2006. Dette er framleis godt over før-var-nivå.
Det er vedteke ein forvaltingsplan for denne hysebestanden, og ICES tilrår at den vert følgd. Det inneber landingar på 55 400 tonn i 2007 (i tillegg reknar ein med eit utkast på 32 500 tonn). Gytebestand i 2008 vert då berekna til vel 291 000 tonn.
Totalkvote i Nordsjøen 2006 – 52 000 tonn (pluss 3200 tonn i Skagerrak).
Sei i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland
Seibestanden i desse områda har god reproduksjonsevne, den vert hausta berekraftig, og gytebestanden har vore over eller på føre-var-nivå i nær ti år. ICES tilrår at fangsten i 2007 vert mindre enn 136 000 tonn. Det vil gi eit høgt langtidsutbytte, og det er i tråd med den vedtekne forvaltingsplanen for bestanden.
Totalkvote i 2006 – 136 000 tonn (123 250 tonn i Nordsjøen/Skagerrak).
Tobis i Nordsjøen
Gytebestanden av tobis i Nordsjøen har vore under kritisk nivå sidan 2001, og rekrutteringa har vore svak eller under gjennomsnittet dei siste tre åra. Ei rekkje tradisjonelle tobisfelt ser ut til å vere nesten tomme, spesielt i dei nordlege delane av Nordsjøen. ICES tilrår derfor at målet med forvaltinga av fisket bør vere å hindre vidare lokal utarming av tobisfelt, spesielt i område der predatorar samlar seg.
ICES tilrår at fisket vert halde stengt til det føreligg sikker informasjon om at bestanden kjem over føre-var-nivå i 2008. Slik informasjon kan komme frå tokt i desember 2006 i regi av Danmarks Fiskeriundersøgelser, tokt i april 2007 i regi av Havforskingsinstituttet og eit forsøksfiske i april 2007.
Det internasjonale havforskingsrådet føreslår vidare ein forvaltingsplan for fisket som inneber at innsatsen i 2007 ikkje skal overstige 30 % av innsatsen i 2005. Totalkvoten må ikkje vere over 400 000 tonn i 2007, og det vert òg tilrådd å stengje fisket 1. august for å unngå å fiske på årets yngel.
Kritisk gytebestand – 430 000 tonn. Venta gytebestand i 2007 – 210 000 tonn.
Augepål i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat
Reproduksjonsevna til augepålbestanden har svikta og gitt årsklassar under gjennomsnittet i nærast heile perioden sidan 2000. ICES tilrår at fisket bør haldast stengt til det føreligg informasjon som tilseier at gytebestanden vil kome over føre-var-nivå i 2008. Det vert samstundes varsla ei ny bestandsvurdering med revidert råd våren 2007.
Kritisk gytebestand – 90 000 tonn. Venta gytebestand i 2007 – 105 000 til 183 000 tonn (avhengig av fisket i 2006).
NB! Denne informasjonen er basert på foreløpige dokument frå ICES. Korrekturarbeid pågår, og revisjoner kan komme. Endelege dokument kjem fredag 20 oktober. Følg med på: http://www.ices.dk/committe/acfm/comwork/report/asp/advice.asp
kontaktNorsk representant i ACFM Forskingsdirektør Forskingsgruppeleiar Forskingsgruppeleiar Informasjonssjef les meir |
