Hopp til hovedteksten
OIE.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Global fokus på fiskehelse og ? velferd i Bergen

For første gong arrangerar Verdas dyrehelseorganisasjon, OIE, ein global konferanse i Bergen og Noreg om helse og velferd hos fisk. 9.–12. oktober vil 160 deltakarar frå 40 land vere samla for å diskutere nokre av dei problemstillingane vi står overfor i åra som kjem. Spreiing av sjukdom hos fisk og skaldyr, nye rapporteringssystem for sjukdom hos fisk i oppdrett og velferdaspekt ved masseslakting av oppdrettsfisk er nokre døme på tema.

På verdsbasis vert det årleg produsert over 45 millionar tonn med oppdrettsfisk, og nesten halvparten av all fisk som vert spist i verda i dag kjem frå oppdrett. I framtida vil etisk og bærekraftig produksjon vere avgjerande for å få selt fisken på marknaden. Korleis har fisken det? Finst det ein human slaktemetode? Kan ein etablere internasjonalt anerkjende retningslinjer innan fiskevelferd? Korleis rapporterar og kommuniserar vi sjukdom hos fisk og skaldyr på tvers av landegrenser?

Konferansen vil òg ta opp tema om utveksling av kunnskap. Kva kan vi lære av oppdrett i Indonesia og Chile, og kva kan dei lære av oss? Havforskingsinstituttet har til dømes i fleire år samarbeidd med Cuba om oppdrett av cubanske artar, og har saman med Universitetet i Bergen utdanna cubanske hovudfagsstudentar innan fiskeoppdrett.

Ei veksande næring gir òg veksande utfordringar

- Med auken i oppdrett er det også store utfordringar med omsyn til sjukdom og velferd for dyra. Vi håper at vi gjennom konferansen får auka fokus på desse problemstillingane, seier avdelingsdirektør i Mattilsynet, Keren Bar-Yaacov. Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet er saman nasjonale arrangørar av konferansen som vert halden i regi av Verdas dyrehelseorganisasjon, OIE. 

Kven er Verdas dyrehelseorganisasjon?

Verdas dyrehelseorganisasjon, OIE, har i meir enn 40 år jobba med fiskehelse og -velferd. Organisasjonen har ein eigen fiskehelsekommisjon som set retningslinjer for blant anna handtering, overvaking, rapportering og diagnostisering av fiskesjukdommar. Standardar utarbeidde av OIE er forpliktande for internasjonal handel gjennom WTO-avtala. For framleis er sjukdom ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Berre i Noreg utgjer sjukdomstapet over 1 milliard kroner kvart år. 

Kvar og når

Konferansen vert arrangert på Radisson SAS Royal Hotel på Bryggen i Bergen. Den opnar måndag ettermiddag etterfølgt av ei mottaking i Håkonshallen. Tirsdag kl 0900 kjem Fiskeri og -kystminister Helga Pedersen og held opningshelsing til konferansen, og torsdag blir det arrangert fleire fagturar som viser breidda og utviklinga innan norsk akvakultur. 

 

 

Kontaktpersonar

Havforskingsinstituttet:

Forskingsgruppeleiar Øyvind Bergh, tlf. 55 23 63 70

Nettredaktør Anette Karlsen,
tlf. 55 23 84 43, mob. 918 29 845

Mattilsynet

Kommunikasjonsrådgiver
Lars Tore Hestad, tlf. 55 21 57 50, mob. 918 49 177


Program


Meir om fiskehelse og -velferd

Les også


OIE-konferansen