Hopp til hovedteksten
Matre100.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Avansert forskingsstasjon opnar i Matre

10. oktober opnar Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen den topp moderne Forskingsstasjonen Matre i Masfjorden. Om lag 170 statlege millionar er investert i ei total renovering av Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon, og den framstår no som den mest moderne forskingsstasjonen for marin forsking i Europa.

- Dette set oss i stand til å utføre avansert forsking under heilt kontrollerte tilhøve, seier administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet, Tore Nepstad. –Stasjonen i Matre er i verdsklasse og her vil våre vitskapsfolk få høve til å få fram ny kunnskap, ikkje minst når det handlar om fisken si velferd, understrekar han.

Forskingsstasjonen Matre vart etablert i 1971, og i dei 35 driftsåra er det skaffa fram mykje kunnskap her som har vore med på å utvikla norsk oppdrettsnæring. Eit døme på det er bruk av lys i merdane for å kontrollere kjønnsmodninga hos fisk.

Den nye stasjonen har fått ny sjøvasstilførsel, avansert teknologi som styrer alt frå kor mykje og kor lenge fisken skal ha lys, kor mykje nitrogen eller oksygen vatnet skal innehalde og ein kan tilføra forureinande stoff for å lære korleis fisken reagerer.

I dag er spørsmål knytt til korleis fisken har det i havet og i merden viktige for forbrukarane. I Matre har Havforskingsinstituttet eit unikt anlegg for å finne svar på desse spørsmåla.

Pressa er velkomen til å delta på opninga. Det vert omvising på stasjonen frå kl. 1100, og den offisielle opninga finn stad kl. 1400. Det går buss frå Havforskingsinstituttet kl 0900. Pressefolk som vil vera med bussen frå Nordnes, må melde frå til Vibeke Kristiansen, tlf. 55 23 84 96, innan måndag kl 1400.

Etter opninga går det buss tilbake til Bergen. Kl. 1700 inviterer Havforskingsinstituttet til eit miniseminar med internasjonale kapasitetar på utviklinga av havbruksnæringa i globalt perspektiv. Departementsråd Jørn Krog er møteleiar.


 

 

Matre100.jpg

Invitasjon og program

 

Kontaktpersoner

Ole Torrissen
908 39 556
Tore Nepstad
993 28 602
Øivind Torslett
971 74 397