Havforskingsinstituttet har arbeidd i nordområda sidan instituttet vart etablert i 1900. Ei sentral oppgåve har vore overvaking av dei biologiske ressursane, klima og forureining.
Sidan 2004 har vi gjennomført økosystemtokt i Barentshavet, tokt kor det vert henta inn kunnskap om alt som lever i havet, frå botnen til vassflata. I vår økosystemrådgiving set vi saman kunnskap om biologi, klima, fysikk og kjemi til eit heilskapleg råd for forvalting av havområda. Dette er viktig erfaring å ta med når vi no får ansvaret for å leia den rådgivande gruppa for overvaking av Barentshavet. Gjennom vår forsking skal vi leggje til rette for å tette kunnskapshola og leggje eit godt grunnlag for revisjonen av forvaltingsplanen i 2010.
Kontaktpersonar:
|
