
samarbeidsrapport har blitt laga, og meininga er at dette skal bli ein årleg publikasjon.
Av Jan Erik Stiansen
Rapporten har 122 sider og gir ein heilskapeleg oversikt over den samla kunnskapen om økosystemet som dei to institusjonane sit på. Sidan dette er den første rapporten, har det tatt noko tid å få den utarbeidd, men meininga er at den i framtida skal offentleggjerast på vårparten. I tillegg til status for siste året, inneheld rapporten ein generell del samt kapittel om effekt av fiskeri og forureining på økosystemet.
Rapporten er eit bidrag både i arbeidet med bestandsvurdering i ICES sin arbeidsgruppe AFWG (Arctic Fishery Working Group) og i implementeringa av Forvaltningsplanen for Barentshavet.
Les heile rapportenJoint PINRO/IMR report on the state of the Barents Sea ecosystem 2005/2006
|
