Parisvatnet - 20 år med torskeoppdrett
Ein av pionerinstitusjonane innan utvikling av torskeoppdrett, Havforskningsinstituttet sin stasjon Parisvatnet, feirar i disse dagar sitt 20-årsjubileum.

For 20 år sidan var vi midt inne i den første ”moderne” boomen i torskeoppdrett. Sjølv om det allereie på 1880-talet vart sysla med storskala utsetjing av torsk i Flødevigen og andre stadar, var det rundt 1980 det første moderne torskeeventyret starta. I 1983 klarte Havforskingsinstituttet å produsere over 60 000 torskeyngel i Hyltropollen i Austevoll, noko som i dei dagar var ei storhending innan marin yngelproduksjon, og som også vekte internasjonal beundring. Dette gjennombrotet førte til stor optimisme og satsing, både av offentlege og private midlar. Då planane om storskala utsetjing av torskeyngel langs kysten (havbeite) skulle realiserast, var det trong for å auka produksjonskapasiteten for yngel. Etter eit omfattande kartleggingsarbeid av eigna pollar på Vestlandet til dette føremålet, vart Parisvatnet i Øygarden kommune utanfor Bergen valt. Planlegging og utbygging starta i 1986, og anlegget stod klart til prøvedrift våren 1987. Det som den gong var planlagt som eit treårig prosjekt, har i dei 20 åra som har gått vore ein av dei viktigaste katalysatoren for utviklinga av torskeoppdrett i Noreg.
Pollmetoden
I dag er torskeoppdrett i ferd med å bli ei betydeleg næring. Storparten av yngelen vert produsert i intensive anlegg, nærast fabrikkar. Der har vi fleire gytesyklusar per år vha. lysstyring og kan dermed få fram yngel heile året. Larvane vert fôra med ”kunstig” fôr i starten, levande rotatoriar (hjuldyr) og eventuelt Artemia, før ein går over til tørrfôr. Sjølv om den intensive metoden har eit enormt produksjonspotensial, har ein slitt med til dels dårleg kvalitet på yngelen. Problema med deformerte yngel, som ein opplevde i startfasen, er til dels løyst. Likevel tyder mykje på at det enno står ein del att før den intensivproduserte yngelen har same kvalitet som den pollproduserte yngelen. Pollyngel er framleis ”state of the art” når det gjeld god torskeyngel!

Driftsbygning.

Karanlegg.
Ved pollmetoden veks yngelen opp i eit relativt naturleg miljø, men der det er gjort ein del inngrep for å leggja tilhøva til rette for yngelen. På den måten får vi monaleg høgare overleving i pollen enn i naturen. Dei viktigaste inngrepa går ut på å auka produksjonen av eigna fôrorganismar (plankton), og å redusera faren for predasjon. Planktonproduksjonen kan vi til ein viss grad påverka ved å gjødsla pollen, slik at vi får god vekst av planteplankton, som igjen er mat for dyreplanktonet – som torsken et. I tillegg kan vi ved å auka omrøringa av vatnet, påverka kva typar av algar som veks opp. Det viktigaste inngrepet for å redusera predasjon frå anna fisk, inkludert eldre torsk, er å fjerna predatorane før kvar sesong startar. Dette vert gjort med plantegifta rotenon. Denne vert brote naturleg ned i løpet av nokre veker, og er ikkje skadeleg for neste års produksjon.

Filtrering av plankton.
Ein produksjonssyklus i Parisvatnet
Månad | Hending |
November | Fjerning av predatorar |
Januar | Klargjering av klekkeri og stamfisk for gyting |
Februar | Gyting |
Mars | Inkubering av egg, utsetjing av torskelarvar i pollen |
Mars, april | Startfôring med naturleg plankton i pollen |
April/mai | Tilvenning til formulert fôr |
Mai/juni | Innfanging av yngel frå pollen, overføring til merd |
Juni, juli | Vaksinering og sortering av yngel |
September, oktober | Yngelen er klar til levering til matfiskoppdrettarar |
November | Klargjering til ny sesong. Fjerning av predatorar med rotenon |
Pionertida
Vinteren 1986/87 var den hardaste i ”manns minne”, med ½ meter snø og 15 kuldegrader i lange periodar – ganske uvanleg i Øygarden. Det var i tillegg mange praktiske ting som skulle ordnast innan ei svært stram tidsramme. Parisvatnet skulle omgjerast frå ein brakkvannspoll til ein marin yngelpoll. Sprenging, planering, grøfting osv. Demning skulle byggjast, pumpesystem, straumtilførsel, klekkeri osv. Alt saman i ei tid då mobiltelefonen var så stor at den måtte fraktast i trillebår (og det heller ikkje var dekning).

Pionerene Geir Blom, Håkon Otterå og Jan Pedersen fra oppstarten av driften i Parisvatnet.
Anlegget vart ferdig i tide, og dei første egga vart lagt inn i klekkeriet 9. mars 1987. Ved hjelp av heimelaga varmekolbar i klekkeriet greidde vi å få egga klekt, trass svært låge temperaturar. Den første sesongen vart ganske misslukka reint produksjonsmessig, med berre rundt 5 000 yngel att om sommaren. Allereie neste år gjekk det mykje betre, ja svært bra! Dei 240 000 torskeynglane vart utpå hausten brukt både til storskala havbeiteforsøk, og gjorde også at nokre av oppdrettspionerane den gong fekk prøva seg med oppdrett i merd.
Sidan den gong har produksjonen svinga ein del (sjå figur), men har dei siste åra vore forholdsvis stabil og høg. Auken i produksjonen må tilskrivast både betre kunnskap og handverk. Særleg har tidleg tørrfôrtilvenning (dag 25) og tilførsel av ekstra plankton utanfor pollen ved hjelp av filtersystem vore viktig for denne auken.

Produksjon av torskeyngel (ca 100 grams) i Noreg fra 1983 til 2004, fordelt på Havforskningsinstituttet og andre produsenter. Totalproduksjonen i Noreg i 2005 og 2006 var på 6 og 9 mill. yngel (ikkje vist i figuren).
Havbeite
Som nemnt tidlegare var det for å produsera yngel til utsetjingsforsøk Parisvatnet vart bygd ut. Innleiande forsøk i 1983 viste at torskeyngel som vart sleppte fri, heldt seg i det same området, og kunne fangast att seinare. Eit stort nasjonalt forskingsprogram, Torsk i fjord, vart sett i gong for å greia ut om dette kunne vera ein måte å styrka svake lokale bestandar av kysttorsk. På Vestlandet vart Masfjorden valt ut som forsøksfjord, og i perioden 1987 til 1991 vart nærare 400 000 yngel, produsert i Parisvatnet, sett ut i Masfjorden.
Vyane om næringsutvikling langs kysten basert på havbeite, bl.a. med torsk, vaks, og PUSH-programmet tok til. Dette førte til storskala utsetjingar av torsk, m.a. i Øygarden, og stor aktivitet knytt til dette. Anlegget ved Parisvatnet var base for det omfattande prøvefisket som vart gjennomført i Øygarden i denne perioden. Resultata frå havbeiteforsøka med torsk var ikkje særleg oppløftande med tanke på næringsutvikling, men den intensive forskingsinnsatsen gav mykje viktig kunnskap om yngelproduksjon og om kysttorsken, både når det gjeld fødegrunnlag, predasjon og vandring.
Torskeyngel klar for levering.
Totalt vart det sett ut nærmare 1 million merkt torskeyngel langs norskekysten i åra 1983–1996, og over 600 000 av desse hadde opphav i Parisvatnet. Parisvatnet vart òg brukt som base for utsetjing av hummar på havbeite i 1992–1993.
Ein ny vår for torskeoppdrett
På slutten av 90-talet såg det mørkt ut for yngelproduksjon av torsk i Parisvatnet. Havbeiteperioden var over, og det var inga interesse for utvikling av kommersielt torskeoppdrett. Det var heller ingen andre som dreiv med yngelproduksjon. Vi var svært nær ved å avvikla Parisvatnet, og gje opp heile torskeeventyret.
Ideen med torskeoppdrett var likevel for god til å kasta vekk, no når vi hadde bygd opp ein god kompetanse på yngelproduksjon. Det fanst også nokre få pionerar innan matfiskproduksjon som hadde ein liten, men viktig produksjon av oppdrettstorsk, slik at ”teknisk” visste vi at det gjekk an å få til oppdrett av torsk. Våren 98 vart det arrangert eit seminar om potensialet for oppdrett av torsk, der både Havforskingsinstituttet sin ekspertise, samt fleire sentrale personar frå næring og marknadsforsking var inviterte. Seminaret gav ikkje eintydig svar på om dette var verdt å satse på, men gav likevel ny optimisme. Seminaret vart avslutta med torskemiddag med innlagt blindtest av oppdrettstorsk mot villtorsk. Der vart den siste rest av tvil om oppdrettstorsken si framtid feid vekk.

"Gliping" - opptak av torskeyngel.
Seminaret var opptakten til ein ny optimisme både hos oss og etterkvart i den gryande næringa. Særleg det personlige engasjementet til ein sentral næringsutøvar, Hallvard Lerøy, var viktig for at dette no begynte å ta av. Lerøy tok, saman med Havforskingsinstituttet, initiativet til det som etter kvart vart til ”Sats på torsk”, eit landsomfattande nettverk der forsking, næring og myndigheitar kan møtast, organisert av Norsk Sjømatsenter.
Tida var inne for ei ny storsatsing på oppdrett av torsk. På Tveit torskeoppdrett hadde instituttet fått lovande resultat på utsetjing av kjønnsmogninga vha. kunstig lys. Andre forsøk på Havforskingsinstituttet viste at vi kunne styra gytinga til torsken, og produsera yngel heile året i prinsippet. Dette var ein føresetnad for å kunna ta i bruk intensive metodar for yngelproduksjon, etter mønster frå fleire andre artar. I dag er yngelproduksjonskapasiteten i Noreg på fleire millionar yngel per år. 20 % er framleis frå pollprodusert yngel, og resten frå intensive metodar. I dei første vanskelege startåra for det nye kommersielle oppdrettet av torsk var Parisvatnet den dominerande oppdrettaren av torskeyngel, og dermed ein viktig katalysator også for den kommersielle satsinga på torsk.

Sjøanlegg.
Rekruttering og miljøeffektar
Parisvatnet er med sitt relativt naturlege miljø eit nær perfekt laboratorium for studiar knytte til plankton og fiskeyngel. Her har vi fysiske tilhøve som er ganske like det vi har i naturen, samstundes med at ein har rimeleg bra oversikt over kva som skjer. Dette har vore utgangspunktet for fleire forsøk utførte ved Parisvatnet, m.a. EU-prosjekt.
Sidan starten av 1980-årene har havbruksnæringa vokse til å bli like viktig som fiskeria, og fiskeri og havbruk er peika ut som ein av berebjelkane for norsk økonom når inntektene frå olje på sikt vil avta. Skal vi lukkast med denne utviklinga, må fiskeri og havbruk utviklast side om side. Mogelege område for konflikt må greiast ut, og vi må setja i verk tiltak for å hindra negativ påverknad.
Sidan 2002 har Havforskingsinstituttet samla inn stamfisk til Parisvatnet frå ni område langs heile norskekysten. Avkom frå desse torskestammane er undersøkte ved Havforskingsinstituttet Austevoll og Parisvatnet og ved Fiskeriforsking i Tromsø. Målet med disse forsøka er å testa kor godt eigna ulike stammer er for oppdrett, og å finna ut om dei ulike stammane er ulikt tilpassa forskjellige miljøtilhøve. Dersom dette er tilfelle, vil det ha innverknad på val av stammer for oppdrett i dei ulike regionane langs kysten.
Parisvatnet har gjennom disse 20 åra blitt oppgradert kontinuerleg og har i dag nytt klekkeri og gode fasilitetar for gyteforsøk og eksperiment i poll og posesystem. Forholda ligg dermed til rette for nye 20 år med forskning.

Det nye klekkeriet.
det skjer1. februar arrangerer Havforskingsinstituttet seminar om Parisvatnet før, no og i framtida les meir Produksjon av torskeyngel i poll Rekordproduksjon av torskeyngel kontaktpersonarForskingsgruppeleiar Driftsleiar
|