![]() Håving av sild frå nota og om bord i tankane. |
Sidan 20. mars har sildemerkingsgjengen (Knut Hestenes, Jan Henrik Nilsen, Bjørn Vidar Svendsen og Jostein Røttingen) vore i aksjon om bord på MS ”Nybo”. 32 150 sild har fått kvar sitt merke vel plassert i buken. 90 % av silda som er merkt er av den sterke 2002-årsklassen. Middellengda ligg på 28,5 cm. 13 400 sild vart merkt nord på Helgelandskysten, nærare bestemt i området rundt Myken. 18 750 sild vart merkt på vestsida av Lofoten (NV av Røst, Vesterdjupet og Røstbanken). Det er fyrste gongen me merkjer sild så langt til havs. Vergudane var på vår side, ellers hadde det ikkje gått. Det var framleis sild som gytte då me hadde siste notkastet i sørkant av Kvalnesdjupet om kvelden 16. april. Knapt 50 % av silda i prøvane var gytande, 30 % nyleg utgytt, 10 % utgytt for ei lita stund sidan og 10 % nesten gyteklare. Det viser at det er sein gyting av fyrstegongsgytarar av 2002-årsklassen.
Nytt referansefartøy

”Nybo” som er eit 70 meter langt ringnotfartøy heimehøyrande i Midsund i Møre og Romsdal, er bygt i 1998, og det er fyrste året fartøyet blir brukt til sildemerking. Fartøyet er også valt ut til nytt referansefartøy for Havforskingsinstituttet. Å merkja over 30 000 sild er innsatskrevjande både frå ”våre eigne” og mannskapet om bord. Mannskapet på ”Nybo” har gått til jobben med liv og lyst, og me vil retta ei stor takk til alle for ein kjempeinnsats. Når arbeidsdagen nærmar seg 20 timar i strekk utan søvn, kan det røyna på både for den eine og den andre, men slik er livet på sildemerking (forresten noko fiskarane er vel vante med frå sin kvardag). I fjor måtte sildemerkingstoktet vika for andre prioriterte oppgåver ved instituttet. Det er difor ein letta gjeng som no er på heimtur vel vitande om at målet er nådd.
NVG-sild til Matre
![]() Det eine merkelaget. |
I to av RSW-tankane om bord har me ca. 5 000 levande sild frå siste notkastet (i Kvalnesdjupet) som skal fraktast til forskingsstasjonen vår i Matre for modningsforsøk. Om det vert god nok overleving på denne silda er for tidleg å seia noko om enno.
Varsam handtering
Sidan sildemerkinga vart starta opp att i 1975 og fram til i dag er nærare 1 million sild merkte, og merkelokalitetane strekkjer seg frå Lindesnes i sør til Andenes i nord.
![]() Merket blir innført rett bak bukfinnen på silda. |
Eit sildemerke er 20 mm langt, 4 mm breidt og 1 mm tjukt, og er nummerert. Ein merkepistol blir brukt til å skyta inn merket (bak eine bukfinnen), og det blir som oftast liggjande laust i bukhola på silda. Det er 50 merke i kvart magasin. For utanforståande vil det nok høyrast brutalt ut å skyta inn eit såpass stort merke i silda, men det viser seg at ho toler dette fint. Det som er heilt avgjerande for om silda skal overleva eller ikkje er sjølve handteringa frå silda er i nota og til merket er vel plassert. I heile prosessen må ho handsamast svært forsiktig så ho ikkje misser for mykje skjel.
For å finna att den merkte silda er merkedetektor plassert på fem ulike konsummottak frå Karmøy til Møre. I den samanheng kan nemnast at ei av
![]() Sild og merke. |
merkesildene me fekk igjen i fjor (2005) var merkt på Helgeland i 1989, og var 32 cm då ho vart merkt. Sannsynlegvis var dette ei sild av 1983-årsklassen (22 år gammal). Silda var i ein fangst teken av ”Herøyhav” i Vestfjorden.
MS ”Nybo” 18.04.06
Jostein Røttingen



