Av Beate Hoddevik
- Det er ein rapport som primært skal identifisere kva område innan dyrevelferd som treng meir forsking. Den inneheld kunnskap om og status for alle husdyr i Noreg, både for produksjons- og kjæledyr, fortel Jon-Erik Juell, leiar i forskingsgruppa Fiskevelferd og oppdrettsmiljø. Denne forskingsgruppa fokuserer spesielt på miljørelaterte velferdsproblem for å førebygge stress, smerte og sjukdom i akvatisk produksjon.
Har bygd opp kompetanse
Dei siste åra har Havforskingsinstituttet bygd opp kompetansen innan dyrevelferd hos fisk.
- Etter at Fiskeri- og kystdepartementet fikk ansvaret for dyrevelferd i akvatisk produksjon i 2004, har Havforskingsinstituttet fått eit hovudansvar for å bygge opp kompetansen på dette området, seier Juell.
Nytt fagområde
Ved Havforskingsinstituttet blir det fokusert mest på dyrevelferd innan akvatisk produksjon, men og innan kommersielt fiskeri. Det er særleg forskingsgruppene Fiskevelferd og oppdrettsmiljø, Vekst og reproduksjonsfysiologi, Fiskehelse samt Ansvarlig fangst som arbeider med desse problemstillingane.
- Det er viktig at vi kan svare når det kjem spørsmål om dyrevelferd hos fisk. Sidan dette er eit forholdsvis nytt fagområde, er det viktig å bygge opp både ein kunnskapsbase og utvikle metodar for å dokumentere velferd hos fisk, seier Juell.
Forsøk
Arbeidet med å finne ut meir om kva som er avgjerande for velferda hos oppdrettsfisk er godt i gang.
- Vi ser mellom anna på ulike velferdsindikatorar, til dømes atferd, fysiologi og helse i samband med velferd samt indirekte indikatorar i produksjonsmiljø i samband med velferd, fortel Juell som seier at det er planar om å søke på fleire prosjekt innan fiskevelferd.
