Hopp til hovedteksten
pdflogo.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Deformitetar hos oppdrettslaks

Etter ei undersøking av hundre slaktegrupper med laks i Hordaland i 1994, kom ein fram til at 3% av fisken måtte nedklassast på grunn av ryggdeformasjon, dette utgjer i dag omtrent 5 millionar individ. Mellom dei ulike gruppene varierete resultatet frå 0 til 20%, men omfanget av deformasjon er vanskeleg å angi eksakt.


Heilt sidan ein byrja med oppdrett av laks, har ein hatt forekomstar av ryggdeformasjon. Dette er også observert hos villfisk, men ikkje ofte. I naturen vil fisk med ein slik deformitet normalt døy etter kort tid.

Mange årsaker

Ryggdeformasjon er ei produksjonsliding på linje med mellom anna kjevedeformasjon og manglande gjellelokk. Ryggdeformasjon kan føre til at fisken blir ein såkalla korthale, medan kjevedeformasjon kan gje problem med fødeopptak. Det er mange ulike typar deformasjonar som har ulike årsaker og som kan påverkast og utviklast i ulike livsfasar. Det er derfor ikkje snakk om eit problem med ei løysing, men om ulike typar deformasjonar og mange årsaker.

Ny kunnskap blir tatt i bruk

At omfanget av produksjonslidingar ser ut til å ha auka frå ein byrja med lakse-oppdrett og fram til i dag, kan forklarast på fleire måtar. Det kan skyldast at drifta har vorte meir intensiv og at overlevinga er blitt større slik at meir dårleg fisk blir med til slakt, og dermed gjer produksjonslidingane meir synlege enn tidlegare. I tillegg blir det fokusert meir på dyrevelferd i samfunnet no enn før, og dermed også på produksjonsforholda hos oppdrettsfisk. Samstundes er nokre samanhengar mellom produksjon og deformasjonar funne, til dømes at rogn ikkje bør utsettast for for høg temperatur. Slik ny kunnskap er tatt i bruk av næringa og har ført til ein nedgang av deformasjonar. Etter kvart som ein får ny kunnskap vil omfanget bli ytterlegare redusert.

Satsingsområde

I alle former for oppdrett er det viktig å ta omsyn til fisken sitt krav om velferd. Kunnskap om korleis produksjonen best kan tilpassast oppdrettsorganismane er vesentlig slik at produksjonslidingar kan unngås. Også oppdrettsnæringa har interesse av å unngå deformasjonar; omtale av problemet gir dårleg reklame i tillegg til at oppdrettaren taper pengar sidan slike lidingar mellom anna kan føre til problem med å få selt settefisken, veksttap og nedklassifisering av slaktefisk.

Produksjonslidingar er eit satsingsområde ved Havforskingsinstituttet, og det blir arbeidd innan fleire område for å finne årsaker til deformitet hos oppdrettsfisk. Forsking trengs for å forstå kva som fører til deformasjonar, når og korleis dei oppstår og kva mekansimer som styrer skjelettutviklinga. Målet er å komme med klare anbefalingar til tiltak som kan motvirke produksjonslidingar i oppdrettsnæringa.