Hopp til hovedteksten
EUstjerner_100px.gif
Utskriftsvennlig versjon

Søker om prosjekt til 20 millionar

Havforskingsinstituttet har søkt på eit EU-prosjekt som kan gje instituttet 20 millionar kroner dersom det vert godkjent. Søknaden er sendt inn i eit samarbeid med andre europeiske forskingsinstitusjonar, og i mai vil ein få signal på om søknaden kjem til å bli godkjent.


Av Beate Hoddevik

- Dersom prosjektet blir godkjent, kan vi kome i gang med det ut på hausten ein gong, fortel Tom Hansen som har vore norsk koordinator i søknadsprosessen.

Programmet det er søkt om midlar frå heiter Integrated Infrastructure Initiative (I3). Prosjekt i dette programmet har tre delaktivitetar, desse er nettverksbygging, utveksling av forskarar og standarisering og utvikling av metodar og forsøksfasilitetar.

Dersom prosjektet blir fullfinansiert vil dei samarbeidande institusjonane disponere 82 millionar kroner i ein femårsperiode.
- Det vil få store ringverknadar på Havforskingsinstituttet om prosjektet vert godkjent, 20 millionar kroner av dei omsøkte midlane skal brukast her, fortel Hansen. Midlane vil i så fall bli delte mellom Bergen, Austevoll og Matre, med ca 1/3 på kvar.

Nettverksbygging

Ein del av prosjektet tilsvarar langt på veg Large scale facility-prosjektet som no er slutt.
- Forskarar frå samarbeidspartnarane kan søke om pengar for å få dekt reise og opphald ved Havforskingsinstituttet, medan vi får betalt leige for det utstyret som blir brukt, seier Hansen. Noko av det viktigaste for at denne delen av prosjektet skal bli vellykka, er nettverksbygging. Dersom  ein forskar har blitt interessert i å kome til Havforskingsinstituttet, må han sende ein prosjektbeskrivelse til I3-komiteen, som så avgjer om prosjektet er så interessant at det kan brukast midlar på det.
- Det er veldig opp til oss sjølve kor stor suksess eit slikt prosjekt som dette blir. Dei utanlandske forskarane kjem ikkje hit av seg sjølve, vi er avhengige av at forskarane våre snakkar med kollegaer i utlandet og får dei interesserte i å kome til oss, seier Hansen.

Ein del av I3 programmet er delt inn i Joint Research Areas (JRA), og Havforskingsinstituttet har søkt om pengar til ein JRA innan standarisering og utvikling av metodar og forsøksfasilitetar som skal brukast i samband med forsøk på fisk. Dersom dette blir godkjent, vil Havforskingsinstituttet få koordinatoransvaret for dette prosjektet.

Samarbeidspartnarar

Havforskingsinstituttet samarbeidar om I3-søknaden med IFREMER, Universitetet i Sterling, Hellenic Center of Marine Research (Hellas) og Consejo Superior de Investigaciones Científicas (CSIC), Instituto de Acuicultura de Torre de la Sal,  Spania.

 

Kontaktpersoner

Tom Hansen
913 80 550