Hopp til hovedteksten
JanPedersen180.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Produksjonsrekord av torskeyngel

Det er i år produsert over 500.000 torskeyngel ved Havforskningsinstituttet sin feltstasjon Parisvatnet. Dette er det beste resultatet ein har oppnådd i Parisvatnet sidan ein starta pollpruduksjon av torskeyngel her i 1986.

 

Det gode resultatet kjem av produksjonstekniske forbetringar, mellom anna er vassforsyninga forbetra i år. I tillegg er det i fylgje driftsleiar Jan Pedersen viktig for resultatet at ein startar tidleg med startfôring.

Yngelen blei sett ut i pollen som nyklekt larve, omtrent 5 mm lang, 23. mars. I tida frå 18. mai til 1. juni vart den tatt opp frå pollen. Då hadde den vokse til ca 4,5 cm og vog 1,5 gram, og blei overført til merd for vidare vekst.

Torskeyngelen vil gå til forskingsføremål og til sal til oppdrettarar.

les meir

om pollproduksjonen i Parisvatnet

Kontaktpersoner

Jan Per Pedersen
908 43 428