Av Beate Hoddevik Sunnset
- Dei fleste som har vore formenn i Vitskapskomiteen har vore frå England, Australia og USA. Bare ein gong tidlegare har det vore ein ikkje-engelsktalande formann, det var professor Ruud ved Universitetet i Oslo. Han var formann i 1964, og det er derfor ei begivenhet at det etter meir enn 40 år på nytt blir valt ein ikkje-engelsktalande formann, og at det nettopp er Noreg som då får formannskapet, seier Arne Bjørge.
Vitskapskomiteen består av om lag 200 av verdens fremste kvalforskarar. Dei kjem frå over 30 nasjonar, og deltar på årlege møter i Vitskapskomiteen som har 13 underkomitear og ”standing working groups”, samt fleire ad hoc arbeidsgrupper. Før Vitskapskomiteens møte i 2004, blei over 250 vitskapelige dokument forhandsregistrert for presentasjon.
I tillegg til dei årlege møtene, publiserer Vitskapskomiteen ein eigen vitskapeleg journal med tre årlege hefter, samt eit supplement som inneheld Vitskapskomiteens årlege rapport. Dr Greg Donovan (IWC sekretariatet) er redaktør, og journalen har i tillegg ein fagleg (editorial board) og ein teknisk redaksjon.
Denne veka har IWC møte i Ulsan i Korea, og det er i samband med dette at valresultatet i Vitskapskomiteen er offentliggjort. IWC har 66 medlemsland.