Hopp til hovedteksten
baruna200.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Tsunami-tokt utanfor Indonesia

Frå 24. juli og fram til 18. august skal forskarar frå Havforskingsinstituttet delta på eit tokt utanfor Sumatra. Målet med toktet er å finne ut kva øydelegingar jordskjelvet og den påfølgjande tsunamien i desember i fjor har gjort på det marine livet, til dømes på fiskebestandar og oppvekstområde for fisk.

 

Av Beate Hoddevik Sunnset

I tillegg til at store delar av fiskeflåten i området som vart ramma av tsunamien blei øydelagt, fryktar ein at det marine økosystemet kan ha blitt påført store skadar. For å undersøke dette, skal 35 forskarar vere med på toktet. Av desse er det seks frå Havforskingsinstituttet, 25 frå Indonesia, tre frå Thailand og ein frå Russland.

Dei norske forskarane skal bidra med sine erfaringar frå fiskeri- og miljøundersøkingar i norske og internasjonale farvatn. Målet med samarbeidet er å auke kunnskapen kring dei marine ressursane i området og undersøke skadar som tsunamien har påført det marine miljøet.

Under toktet vil det bli brukt to indonesiske forskingsfartøy. Det største av desse, RV Baruna Jaya VIII, vart bygd i Noreg og overlevert til Indonesia i 1998.

Oppgradering av fartøy

I samband med det komande toktet blir det installert ein del nytt utstyr om bord i ”Baruna Jaya VIII”, deriblant eit nytt multistråle-ekkolodd slik at fartøyet skal kunne gjere dei nødvendige undersøkingane av havbotnen. I tillegg vert det stilt ein spesialbygd miniubåt, ROV, til rådighet under toktet. Det andre fartøyet som skal brukast er mindre og spesialbygd for å undersøke fiskebestandar.

Avsluttar med workshop

I slutten av november vil det bli arrangert ein workshop i Batam i Indonesia for at forskarar frå ulike delar av verda saman skal gå gjennom resultata frå toktet. Desse vil bli gjort tilgjengelege gjennom FAO sine websider og spesielt tilrettelagt for innbyggjarane i dei råka områda. Resultata vil være viktige for den vidare forvaltinga av dei marine ressursane og restruktureringa av fiskeflåten.

Budsjettet for toktet er på 10 millionar kroner, og blir finansiert av Noreg, med støtte frå Verdsbanken.