Hopp til hovedteksten
Nye-sjoanlegg-III_150.gif
Utskriftsvennlig versjon

Sjøanlegg for framtida

Havforskingsinstituttet sitt nye sjøanlegg på stasjonen i Austevoll, vert feira med ei opningsmarkering tysdag 22. februar. Det nye anlegget er det første i landet som blir totalsertifisert i samsvar med krav i norsk standard for flytande oppdrettsanlegg, NS 9415. – Vi har fått ein særs tenleg og framtidsretta plattform for merdbasert forsking, seier stasjonsleiar ved Austevoll Havbruksstasjon, Torfinn Grav.


Det nye sjøanlegget, som har kosta om lag fem millionar kroner, vil bli brukt til forsking innan satsingsområda til Havforskingsinstituttet, mellom anna fiskevelferd og oppdrettsmiljø. Sjøanlegget vert også brukt som påvekstlokalitet for spesielle populasjonar av torsk til forsøk.
- Talet på merdar blir omtrent det same som tidlegare, men no har vi fått eit anlegg som det er enklare å arbeide på, og det er enkelt å få ettermontert tilleggs-utstyr som trengs i nokre forsøk, fortel Grav.

Totalsertifisert

Havforskingsinstituttet sitt sjøanlegg i Austevoll er det første anlegget i landet som blir totalsertifisert i samsvar med krav i norsk standard for flytande oppdrettsanlegg, NS 9415. Det vil seie at stålanlegg, flyteelement, fortøyingar og nøter er styrkevurdert i høve til berekna krefter, at anlegget har blitt inspisert av sertifiseringsselskapet og funne i orden, og at dei interne prosedyrane sikrar forsvarleg inspeksjon og vedlikehald.
- I tillegg til at sjølve sertifiseringa er eit omfattande arbeid, må den heile tida følgjast opp med fastlagde kontrollrutinar og loggføringar for sjøanlegget for å oppretthalde sertifiseringskrava, seier Grav. I løpet av 2012 skal alle flytande oppdrettsanlegg vere totalsertifisert, fram til då gjeld ei overgangsordning med dugleiksbevis.
- Vi valde likevel å investere i eit anlegg som kunne totalsertifiserast no, sidan anlegget har lenger levetid enn fram til 2012, seier Grav.

52 merdar

Etter utvidinga av sjøanlegget, som ligg på Sauaneset i Austevoll, består anlegget av 52 merdeiningar (48 stk. 5,5,x5,5 m merdar og 4 stk. 12x12 m merdar). 16 av merdane på 5,5x 5,5 m er leigde ut til Fiskeriforsking AS.
-Hovudbrygger og annakvar utliggarbrygge er dimensjonert for å tåle laster opp til fire tonn, fortel Torfinn Grav. Anlegget er  utrusta med notskiftesystem, fuglenettsøyler og søyler for feste av svingbare bommar. Desse kan nyttast til lysoppheng og anna forsøksutstyr. Anlegget har landgang slik at ein har lett tilkomst til dei landbaserte fasilitetane på stasjonen.

Pressemelding 21.02.05

 

les mer

Austevoll havbruksstasjon

Stasjonene setter Havforskningsinstituttet på kartet
 

Kontaktpersoner

Torfinn Grav
938 35 565