Av Beate Hoddevik Sunnset
- Det er mellom anna laga nye kart i eit område der barriere-reva sank med 1,5 meter, fortel Serigstad.
Besøk av presidenten
Båtane som har delteke på toktet er venta til land i løpet av dagen.
- Den indonesiske presidenten skal komme om bord i ein av båtane for å sjå litt nærare på den, seier Serigstad. Før toktet starta vart båtane oppgraderte med nytt utstyr slik at ein kunne gjere dei nødvendige undersøkingane av havbotnen. Dette utstyret har fungert etter planen, og ein er godt nøgde med dei resultata ein har fått.
Toktet har fått stor oppmerksomhet og mykje TV-dekning i Indonesia, mellom anna har ein fotograf frå indonesisk TV vore med under heile toktet for å lage innslag til eit naturprogram.
Mykje dokumentasjon
I løpet av toktet har forskarane, som kjem frå Noreg, Indonesia, Thailand og Russland, arbeidd med å skaffe fotodokumentasjon, både film og bilete, av forholda på botnen, i tillegg til at det er gjort fleire andre undersøkingar, som til dømes prøvefiske.

Resultata klare til 20. november
Resultata frå toktet skal etter planen vere klare til 20. november. Då vert det arrangert ein workshop på Sumatra der resultata vil bli lagt fram.
