Hopp til hovedteksten
sporing.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Sporing av rømt oppddrettslaks - kan vi nytte laksens naturlege eigenskaper?

Ifølgje fiskeriforvaltinga er det knytt stor uvisse til kor mykje laks som faktisk rømer frå norske oppdrettsanlegg. Kor kjem dei frå, rømlingane, og kva er den relative fordelinga av rapportert og urapportert røming? Innleiande arbeid ved Havforskingsinstituttet har vist at DNA-markørar og nyutvikla statistiske testar i mange tilfelle gir høve til identifisering av laks med god presisjon.

Av Øystein Skaala, Vidar Wennevik, Kevin A. Glover og Bjørn Barlaup

Stor skilnad mellom avlslinjene i DNA-profilar
Eit prosjekt ved Havforskingsinstituttet undersøkte presisjonen i identifisering ved hjelp av 12 DNA-mikrosatellitt-markørar. Undersøkinga viste at laks frå dei fem største avlslinjene i Noreg kunne skiljast med høg presisjon. Presisjonen i identifiseringa av villaksbestandane var noko lågare, med unntak av Neiden, der presisjonen var 93 %. Dette skuldast truleg at Neiden tilhøyrer ei nordleg undergruppe av atlantisk laks, som er noko ulik laksen lengre sørover langs norskekysten. Det var berre 3–4 % feilidentifisering mellom oppdrettslaks og villaks.

Identifisering av laks frå ulike matfiskanlegg
I eit sporingsforsøk med laks frå sju smoltgrupper, levert frå fire matfiskanlegg i Hardangerfjorden, lukkast det å identifisera over seks av ti individ til rett matfiskanlegg ved åtte DNA-markørar. Ved vidare optimalisering av metoden ventar vi å auka presisjonen. Dersom dette var ei undersøking med rømt laks, ville resultata gitt fiskeriforvaltinga ein god peikepinn på kva anlegg rømlingane ikkje var kome frå, og ein indikasjon på kva anlegg ein burde setja i verk teknisk kontroll på.

Kan vi bruka laksen sine naturlege eigenskapar?
Hausten 2004 og vinteren 2005 vart det registrert svært mykje rømt laks i Hardangerfjorden. Noko var rapportert, men tilsynelatande var det også ein god del urapportert rømt laks i fjorden. Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvalting tok i fellesskap initiativ til å etablera eit større pilotprosjekt på sporing og identifisering av rømt laks i Hardangerfjorden. 

Fleire forskingsmiljø har i samarbeid med næringa og forvaltinga utforma eit felles  prosjektforslag for å testa ut metodar for sporing av rømt laks. Desse forskingsmiljøa er:

  • Havforskingsinstituttet
  • Norsk institutt for naturforsking
  • Noregs Veterinærhøgskole
  • VESO
  • SINTEF
  • NGU
  • Hardanger fiskehelse nettverk
  • Rådgivende Biologer
  • Universitetet i Bergen
  • Danmarks Fiskeriundersøgelser

Det vil bli lagt vekt på å prøva ut metodar som berre nyttar laksen sine naturlege karakterar, som DNA-profilar, fettsyreprofilar og sporstoff. Målet med prosjektet er å testa om ein kan oppnå tilfredsstillande presisjon i identifiseringa ved hjelp av laksen sine naturlege eigenskapar.