I Trondheim møter vi brukarar av vår forsking, både frå næringa og styresmaktene. På messa i år er det og sterk utanlandsk representasjon. Fiskeriministrane frå Canada, Vietnam og Australia er til stades med til dels store delegasjonar – og vi skal møte desse til samtaler og i sosiale samanhengar. Den vietnamesiske delegasjonen skal også besøke oss i Bergen i slutten av veka.
På standen skal vi presentere forskingsstasjonane våre – med litt ekstra fokus på den nye stasjonen i Matre. Vi skal mellom anna ha kontakt med web-kamera på byggeplassen i Matre for å vise utviklinga på bygget. Det er produsert ei rekkje nye Havforskingsnytt og Havforskingstema som blir presentert på messa. Desse vert distribuert til alle avdelingar, men har du lyst å lese allereie no er dei tilgjengelege i høgblokka.
Aqua Nor er ein viktig møteplass, og vi som er her ser fram til å formidle all den gode kunnskapen Havforskingsinstituttet har skaffa fram.
