Sidan tobis er ein fisk som lever nedgreven store delar av døgeret, er det vanskeleg å ta mengdemålingar på den.
- Toktet vert også eit metodeforsøk der vi skal teste ut både akustiske målingar og mengdemåling med hjelp av grabb-, skrape- og trålprøver. I tillegg skal det brukast fotoutstyr til undersøkingane, seier Odd Smedstad som er toktleiar på dette toktet.
I tillegg til å sjå på kor mykje tobis det er, skal forskarane gjere undersøkingar av plankton.
- Vi vil ha døgn-stasjonar der vi tek plankton-prøver når tobisen går opp frå og ned i botnen. I tillegg vil vi ta mageprøver av tobis for å samanlikne desse med planktonprøver tatt frå sjøen, seier Smedstad.
Prosjektet med mengdemåling av tobis, er eit forprosjekt for ein søknad om eit større prosjekt til neste år. Toktet vert gjort med ”Johan Hjort”.
