Hopp til hovedteksten
hermes_logo_150px.gif
Utskriftsvennlig versjon

Skal undersøke økosystema på havbotnen

Havforskingsinstituttet deltek saman med 45 partnarar frå 15 europeiske land i eit EU-prosjekt som starta i byrjinga av denne månaden. Prosjektet, som er eit av dei største marine forskingsprosjekta i Europa, vert kalla HERMES, eller Hotspot Ecosystems Research on the Margins of European Seas, og skal vare i fire år.


Av Beate Hoddevik

Som ein del av HERMES skal ein ved Havforskingsinstituttet studere kaldvasskorallar og miljøet deira, samt undersøke kva korallreva har å seie for biologisk mangfald. Alt i juni skal ”G.O. Sars” til Lofoten- og Træna-området på tokt for at forskarane skal få studere korallreva der.

Ved andre institusjonar som er med i HERMES skal ein studere oppkome av naturgass og mikrobielt drivne system på havbotnen, kaldvasskorallrev, djuphavskløfter, miljø som ikkje har oksygen og andre økosystem på kontinentalskråningane.
- Det hastar å undersøke desse områda sidan nokre av dei er svært sårbare, samtidig som dei er unike ressursar som til dømes kan ha påverknad på karbon-syklusen, fortel forskar Jan Helge Fosså. Han er leiar av forskingsgruppa Bunnhabitater, og sit i styringskomiteen for HERMES.

Mange fagområde

- HERMES er eit integrert prosjekt, noko som betyr at det deltar forskarar frå mange ulike forskingsområde, til dømes geologi, fysisk oseanografi, kjemi, marinbiologi og mikrobiologi, men også samfunnsfag som økonomi og undervisning er med, seier Fosså.

G.O.Sars_150.gif
Sist veke var det eit møte på Rhodos i samband med prosjekt-starten, og over 100 forskarar frå alle dei ulike områda var samla.
- Målet med dette møtet var å treffe alle forskarane og gjere seg litt kjende med dei ulike områda, samt å planlegge det komande feltarbeidet og dei fyrste 18 månadane av prosjektet, seier Fosså. Berre i løpet av året skal 33 tokt planleggast og gjennomførast.

Heile Europa

Områda som skal studerast i HERMES er økosystem som er avgrensa ved hjelp av kjemiske, fysiske, topografiske eller geologiske forhold, og som samtidig inneheld mange nesten ukjende artar som trives i ugjestmilde omgjevnader.
-Det er viktig å få kunnskap om desse artane for å kunne ta vare på dei, seier Fosså. I tillegg vil ein ved hjelp av HERMES få sjansen til å samanlikne svært ulike lokalitetar og sjå på forskjellane mellom dei.
- Prosjektet omfattar studiar der ein skal sjå på områder langs heile den europeiske kysten, frå Svartehavet, gjennom Middelhavet og nordover til Svalbard, fortel han.

Tidlegare har det vore fleire mindre forskingsprosjekt i dei same områda som ein skal undersøke i HERMES, men i desse har ein enten forska på eit svært avgrensa geografisk område eller på ein eller nokre få artar eller system.

hermes_korall_150px.gif
Ein av fordelane med HERMES er at alle resultata frå dei ulike forskingsgruppene vert samanliknbare.
- Sidan alle forsøk skal utførast på same måten på alle lokalitetane, vil ein få ein stor database som inneheld opplysningar frå fleire fagområde. At alle opplysningane kan samanliknast på tvers av nasjonale grenser er ein stor fordel når ein skal forvalte økosystem som går på tvers av desse grensene, seier Fosså.

Spesialutstyr

Mange av dei områda som skal undersøkast er vanskeleg tilgjengelege slik at ein må nytte spesialutstyr som ROV og AUV. Det vil og bli plassert spesielle riggar med avansert utstyr på havbotnen for å studere fysiske, kjemiske og biologiske prosessar direkte. Ikkje alle landa som er med i prosjektet har det utstyret som trengs, men gjennom HERMES blir nødvendig utstyr gjort tilgjengeleg for alle deltakarane.

HERMES blir koordinert av Southampton Oceanography Centre (NERC), og frå EU har prosjektet fått 15 millionar Euro i støtte. I tillegg kjem støtte frå deltakarane i HERMES.

Fakta om koraller

Her kan du finne informasjon om flere av korallene som lever i norske farvann:

Koraller

Kontaktpersoner

Jan Helge Fosså
924 25 513