Hopp til hovedteksten
nise180px.gif
Utskriftsvennlig versjon

Fast i isen

Med jamne mellomrom høyrer vi om niser og andre kvalar som sit fast i is. Når desse dyra vert oppdaga, er det freistande å prøve å hjelpe dei, men ofte, og særleg no om våren, er det best for dyra om dei får klare seg sjølve. Sist helg klarte ein flokk med niser som var innestengde av drivis i Altafjorden å kome seg fri utan hjelp.

Av Beate Hoddevik

- Om våren når det byrjar å bli varmt både i lufta og i sjøen og det i tillegg er litt vind, kan det ofte vere lurt å vente med redningsforsøket og sjå om isen løyser seg opp, seier forskar Arne Bjørge. Særleg niser, som det er mange av rundt om i fjordane, kan tole å vere innestengde i opne råker i is betre enn dei toler eit redningsforsøk der ein bryt opp is med båtar. Om hausten og tidlegare på vinteren er situasjonen annleis. Då kan store fjordparti fryse til på kort tid og isen bli liggande resten av vinteren slik at det blir umogeleg for nisene å kome seg ut i open sjø på eiga hand.

Dersom det er drivis som lagar problem for ein flokk niser, så vil som oftast tidevatnet og skiftande vindretning få isen til å løyse seg opp. Om ikkje det skjer, så kan nisene likevel i mange tilfella symje under isen og kome opp i open sjø.
- Nisene har kapasitet til ei aerob dykktid på 3-4 minutt med økonomi-symjing på 1.5 m/sek. Det vil seie at dei kan ta seg fram 3-400 meter under isen på et aerobt dykk. I tillegg kan dei arbeide anaerobt i like lang tid, noko som betyr at dei har ei rekkevidde på vesentlig meir enn ein halv kilometer pr dykk, seier Bjørge.

- Dersom dyra er fast i isen i lengre tid, kan det ikkje utelukkast at nokre kan dø av stress eller utmatting, men dette kan også skje under bergingsforsøk. Kvalar toler godt å vere innestengde i is i fleire dagar, og dei kan sjølve hjelpe til med å halde oppe ei råk i isen slik at dei kan puste, fortel Bjørge. Han legg til at særleg niser ser ut som om dei skyr motorbåtar, så sjølv om ein lagar ei råk til dei, er det lite sannsynleg at nisene vil følgje etter i råka attom einmotorbåt. I tillegg kan nisene ha vanskar med å sjå at ei råk leiar til ope vatn dersom den er fylt med broten is.

 

Foto: Florian Graner

Kontaktpersoner

Arne Bjørge
913 14 810