Hopp til hovedteksten
torsk.gif
Utskriftsvennlig versjon

BAC-bibliotek frå torsk

Havforskningsinstituttet samarbeider med Fiskeriforskning, NIFES og universiteta i Bergen og Tromsø om å sekvensiere gena til torsk og gjennomføra funksjonelle genomstudiar på torsk. Målet med dette er å løysa problem knytt til marin forureining, fiskeri og havbruk.


Havforskingsinstituttet har no fått laga eit BAC-bibliotek (”bacterial artificial chromosome”) frå torsk. Denne typen bibliotek vert nytta når ein ynskjer å klona store bitar DNA som inneheld fra100.000 til 200.000 basepar. Biblioteket frå torsk er laga av sperm frå ein torsk og består av 92.100 klonar som gjennomsnittleg er 125.000 basepar. Arvestoffet (genomet)  i torsk består av om lag 930.000.000 basepar. Dette er om lag 1/3 av det menneske har. Laks har omtrent den same storleik som menneske.

BAC-biblioteket vil vera eit viktig verktøy når ein studerer struktur og funksjon til gener hos torsk. Karakterisering av BAC-klonar vil gi nye genetiske markørar, ein kan finne nye gener og regulatoriske element i tillegg til nye data om kjente gener. Karakterisering av BAC klonar vil og gi kunnskap om korleis arvestoffet i torsk er sett saman. Det kan gje svar på spørsmål som kor tett gena ligg, eigenskapar til ”ikkje kodande” DNA og kva for typar repeterte element torsk har.