Hopp til hovedteksten
lakselustokt.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Noreg forplikta til å sikre villaksen

Høyringsuttale: Havforskingsinstituttet støttar opprettinga av nasjonale laksevassdrag og -fjordar. Det er imidlertid eit krav at det samstundes vert iverksett eit godt overvakingsprogram for kyst og fjord som skal liggja til grunn for ei evaluering og eventuelt revidering av tiltaka.

Høyringsuttalen frå Havforskingsinstituttet er utarbeida av følgjande  arbeidsgruppe: Terje Svåsand, Karin Boxaspen, Ove Skilbrei, Arne Ervik, Marianne Holm, Øivind Bergh og Øystein Skaala, som  kjenner saka frå Villaksutvalet og seinare høyringsuttalar. Føremålet med Villaksutvalet (NOU 1999:9) var å føreslå tiltak for å styrkja dei ville laksebestandane. Mellom tiltaka var opprettinga av 50 nasjonale laksevassdrag og 9 større marine område.

Målet med opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar skal vera å sikra  dei viktigaste laksebestandane særskilt vern i vassdrag og fjordområde. Stortinget oppretta i februar 2003 37 nasjonale laksevassdrag og 21 nasjonale laksefjordar. Direktoratet for naturforvalting ber i brev av 29.3.2004 om uttale på si utgreiing som omfattar 27 laksevassdrag og 19 fjordområde som skal vurderast i det vidare arbeidet.

Ifølgje vedtak i Stortinget og Regjeringa, skal det totalt etablerast 50 laksevassdrag. Som påpeika i brevet frå Direktoratet for naturforvalting, tyder dette at det er rom for å oppretta 13 nye laksevassdrag.

Havforskingsinstituttet viser til sin tidlegare høyringsuttale om forslag til nasjonale laksevassdrag og laksefjordar av 28.09.2001. I den tidlegare uttalen uttrykte Havforskingsinstituttet tvil til at dei føreslåtte tiltaka er omfattande nok til å oppfylla føremålet, å sikra villaks mot lusesmitte og røming. Det vart vidare understreka at  det må etablerast eit nasjonalt overvakingsprogram som kan evaluera effekten av tiltaka.

Generelt meiner Havforskingsinstituttet at tiltaka kan ha ein positiv effekt med omsyn på å sikra villaksbestandar mot røming. Større laksefjordar, som foreslege av villaksutvalet, ville truleg ha betre effekt med omsyn på sikring mot røming og lakselus. Utifrå det ein veit om spreiingspotensialet for lakselus og rømlingar, trur vi tiltaka isolert sett vil ha mindre effekt i små laksefjordar. Ein føresetnad for at laksefjordane skal ha ein forventa positiv effekt er at kontrollen med anlegg og driftsrutinar i slike områder vert styrka.

I lista over forslag til nye laksevassdrag inngår laksevassdrag der bestanden har vore utrydda, td. Mandalselva, Tovdalsvassdraget, Skibotn, Vefsna og Rana. Merkeforsøk viser at sørlandselvane Otra, Mandalselva og Nidelva trekkjer til seg mykje heimlaus laks frå andre landsdelar. Dette vil svekka verdien av tiltaka i desse vassdraga. I situasjonen der det kun er plass til 13 nye laksevassdrag, meiner Havforskingsinstituttet at bestandar i elvar der den opprinnelege har vore utrydda  ikkje skal prioriterast no. 

Dokumentasjonen vedrørande oppdrettsaktivitet og påverknad frå oppdrett, som følgde med høyringsdokumenta, var mangelfull (td. produksjonstal for oppdrett), noko som vanskeleggjer prioriteringa av dei føreslegne objekta. Utfrå dei vedlagde høyringsdokumenta, og annan dokumentasjon, vil Havforskingsinstituttet støtta opprettinga av Osterfjorden som nasjonal laksefjord. Dette kan i tillegg til å støtta Vosso, også  gje betre vern av Loneelva, som har ein talrik bestand av smålaks, som sannsynlegvis er relativt lite påverka av rømt laks. 

Hardangerfjorden er på fleire måtar i ein særstilling, jfr Fisken og Havet, nr 3, 2004. I Hardangerfjorden er lakse- og sjøaurebestandane, kanskje med Etneelva som unntak,  sterkt redusert og til dels dramatisk små. Den føreslåtte laksefjorden i området innafor Varaldsøya, ville i følgje høyringsdokumenta, medføra strengare kontroll med røming og lakselus smitte i denne delen av fjorden. Havforskingsinstituttet meiner likevel at uavhengig av om det vert oppretta ein laksefjord her, må heile fjordsystemet underleggjast tiltak for å redusera røming og smittepress, og følgjast opp med eit overvakingsprogram:

I Hardangerfjordrapporten er Havforskingsinstituttet sine forvaltingsråd oppsummert slik:

”Dagens tall på lakselusproduksjon fra oppdrettsnæringen i Hardangerfjorden i den kritiske utvandringsperioden for villsmolt er 3 – 6 milliarder. En reduksjon på 80% må kanskje til for å kunne påvise tydelige effekter. Hvis dette blir fulgt opp med et godt overvåkningsprogram, vil en kunne få raske indikasjoner på om en slik reduksjon i utslipp er tilstrekkelig for å komme ned på et akseptabelt nivå av lakselussmitte på villfisken i Hardangerfjorden.
 
Vårt forslag til tiltak er derfor:

1. Sette tiltaksgrensen til 0.1 modne hunnlus i perioden 15. mars til 15. juli

Dette kan lettest oppnåes med en fellesavlusning i februar – mars for å redusere lusemengden i den mest kritiske perioden for utvandring av smolt (mai-juni)

2. Tiltaksgrense 0.5 resten av året

3. Følge opp med et overvåkningsprogram i Hardangerfjorden:

  • Måling av smittepress for villsmolt i utvandringsperioden
  • Overvåkning av lusesituasjonen i oppdrett – egenrapportering og kontroll
  • Overvåkning av lusesituasjonen på prematur sjøørret
  • Overvåkning av rømming av fisk fra oppdrett – egenrapportering og kontroll/prøvefiske
  • Kvantitativ og kvalitativ (genetisk) overvåkning av oppvandrende gytefisk i utvalgte vassdrag

Overvåkning/modellering av den konkrete hydrografiske situasjonen vil være en viktig forutsetning for tolkningen av flere av dise punktene, spesielt med tanke på lakselussmitte som kan bli transportert inn i fjorden fra kyststrømmen.

Tiltakene bør gjennomføres for en periode på 5 år. Tiltakene evalueres og revideres på grunnlag av resultater fra overvåkningsprogrammet.”


Ein stor del av dei talrike laksebestandane høyrer til i Finnmark. Ny populasjonsgenetisk forsking (Dr. Eric Verspoor, FRS Freshwater Laboratory, Faskally, Pitlochry Perthshire, Scotland pers. comm.; Skaala et al. 1998 J. Fish Biol. 53, 569-580) viser også at fleire koloniseringsruter for laks møtest i nordområda, og at mykje av det genetiske mangfaldet hos laks fins i nordområda og Finnmark. Finnmark er dessutan eit av dei områda som er minst påverka av oppdrett. Det er difor særleg viktig med god overvaking her. Havforskingsinstituttet meiner difor det vil ha særleg stor verdi å oppretta nasjonale laksefjordar og laksevassdrag i denne regionen.    

Havforskingsinstituttet har også gått gjennom kap 4.3.2 og 4.4.2 i St.prp.nr. 79 (2001-2002) om opprettelse av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder som omtalar beskyttelsesregime i nasjonale laksevassdrag og laksefjordar.  Vi oppfattar forslaget til beskyttelsesregime slik at eksisterande oppdrettsaktivitet blir vidareført, og at det er opning for produksjonsvekst for eksisterande konsesjonar innafor nasjonale laksefjordar. Føresetnaden er streng kontroll og redusert risiko for røming og smittspreiing. Nasjonale laksefjordar vil derfor eventuelt verna ville anadrome bestandar gjennom to mekanismar. I laksefjordar med låg oppdrettsaktivitet, vil  tiltaket redusera vidare vekst i oppdrettsaktiviteten, samstundes som betre kontroll med røming etc. I laksefjordar med større eksisterande oppdrettsaktivitet vil tiltaket medverka til strengare kontroll med røming og smittespreiing, og eventuelt færre rømlingar og lågare smittepress av parasittar.

Vi vil her understreka verdien av å sjå beskyttelsesregimet i vassdraga og fjorden i samanheng, slik det er lagt opp til. Havforskingsinstituttet merkjer seg i Tab 4.2 Beskyttelsesregime i nasjonale laksevassdrag, at mat- eller settefiskproduksjon kan gjennomførast når tiltaket ikkje medfører risiko for røming av fisk eller spreiing av  fiskesjukdomar til vassdraget.  Dette tilseier at så lenge det er risiko for røming eller smittespreiing, slik det er i dag, må ikkje fiskeoppdrett gjennomførast i vassdraget.

Vi merkjer oss at det er opna for produksjonsauke og oppretting av nye lokalitetar innafor eksisterande konsesjonar også i nasjonale laksefjordar.  Havforskingsinstituttet vil understreka at ein føresetnad for at nasjonale laksefjordar skal ha den tiltenkte effekten, er at dei nemnde tiltaka for å hindra røming og smittespreiing vert konkretisert og implementert slik at talet på rømt laks og regnbogeaure blir redusert, og at smittepresset frå lus går ned. I motsett fall er det lite sannsynleg at oppretting av nasjonale laksefjordar vil ha den effekten dei er tiltenkt. Havforskingsinstituttet vil også gjera merksam på risiko for økologiske interaksjonar mellom oppdrett av marin fisk og ville bestandar  av laksefisk gjennom predasjonstrykk på smolt og postsmolt, og overføring av smitte. Havforskingsinstituttet meiner difor at oppdrettsanlegg for marin fisk i laksefjordar må underleggjast streng kontroll med røming. Det er  mogleg at sjukdommar kan overførast frå marin fisk til laks. Generelt er førebyggjande behandlingsstrategiar dårlegare utvikla for marin fisk enn for laks, og ein kan ikkje sjå bort frå at merdanlegg med marin fisk kan vere ein smitterisiko for villaks. For lakseoppdrett er vaksinar mot bakterielle sjukdommar så effektive at dette ikkje er nokon vesentleg trussel mot villaks i dag. Det same er langt på veg tilfelle også for virussjukdomane som i dag har størst betydning i lakseoppdrett.

Vi ønskjer å peika på at opprettinga av nasjonale laksevassdrag og –fjordar også bør samanhaldast med forslaget til oppretting av marine verneområde (Råd til utforming av verneplan for marine beskyttede områder i Norge. Endelig tilråding med forslag til referanseområder. Rådgivende utvalg for marin verneplan, 30.juni, 2004.)

I Tabell 4.2, Beskyttelsesregime i nasjonale laksevassdrag, står det om  fiskeoppdrett at dette  ”-- ikke kan gjennomføres når det medfører risiko rømming eller spredning av fiskesykdommer til vassdraget på en slik måte at det kan påføre villaksen skade.” Vidare står det at tiltaket kan gjennomførast når det ”—ikke medfører risiko for rømming av fisk---”.Under kap. 4.4.2 Beskyttelsesregime i nasjonale laksefjorder, står det at ”Det vil bli innført særskilte bestemmelser knyttet til rømmingssikring og helsekontroll.” Det står også:” For anlegg innen laksefjordene vil det bli fastsatt noe strengere driftsbestemmelser enn de som følger dagens regelverk. ”  Havforskingsinstituttet vil framheva at det må presiserast kva som ligg i desse formuleringane. 

Havforskingsinstituttet ser det som naudsynt å gjennomføra tiltak for å redusera røming og smittepress frå oppdrettsanlegg, og stiller seg positiv til tiltak som kan ha slik effekt. Havforskingsinstituttet vil imidlertid understreka at ein føresetnad for konsensus om gjennomføring av tiltak for å sikra ville bestandar av anadrom laksefisk mot rømming og smitte frå fiskeoppdrett, har heile tida kvilt på ein føresetnad om at tiltaka skal evaluerast. Det er imidlertid vår oppfatning, at overvakingsprogram for å evaluera tiltaka ikkje er oppretta. Dei nasjonale ressursane tilgjengeleg til dette føremålet, er heller redusert dei siste åra. Dette har vore eit tilbakevendande tema sidan den første  opprettinga av midlertidige sikringssoner for anadrom laksefisk i 1988.

Manglande formalisert overvakingsaktivitet knytta til rømt oppdrettsfisk, sjukdomsspreiing og andre miljøspørsmål knytta til oppdrett, er også påpeika av utvalet nedsett av Fiskeridirektøren i 2003 etter oppdrag frå Fiskeridepartementet for å utgreia spørsmål knytta til merking av oppdrettsfisk. Havforskingsinstituttet vil difor presisera at det samstundes med tiltaka må iverksetjast eit godt overvakingsprogram for kyst og fjord med tilstrekkelege ressursar for langsiktig overvaking og evaluering av tiltaka. Den langsiktige overvakinga som skal vera grunnlag for å evaluera effekten av tiltaka må omfatta  hydrografiske registreringar,  førekomst og fordeling av rømt fisk i utvalte sjøstasjonar, tilsvarande i elvestasjonar, smittepress av lus på smolt av laks og sjøaure, gode estimat for storleik på gytebestandar, genetiske profilar som kan avsløra omfang av innkryssing av rømt laks. I dette overvakingsprogrammet for kyst og fjord må også inngå ei presisering av kva vilkår oppdrett innafor laksefjordar og laksevassdrag skal drivast etter når det gjeld tiltak for å redusera røming og smittepress.

Fakta om atlantisk laks

Latinsk navn: Salmo salar
Andre norske navn: Parr, smolt, tert
Familie: Salmonidae
Maks størrelse: Opptil 150 cm og 40 kg (hanner)
Levetid: 2-8 år
Leveområde: Utbredt i elver på begge sider av Atlanterhavet, fra Spania til Nordvest-Russland, og fra Maine i USA til Nord-Canada, og i Østersjøen. I den marine fasen av livssyklusen er laksen utbredt over store deler av Det nordlige atlanterhav
Hovedgyteområde: Elver
Gytetidspunkt: Oktober-januar
Føde: Som ungfisk i ferskvann; for en stor del insekter. I havet; plankton og fiskeyngel, og etter hvert som den vokser ulike pelagiske fisk som sild og lysprikkfisk
Predatorer: Fugl (f.eks fiskeender), rovfisk som sei, lyr og torsk. Sjøpattedyr i enkelte områder
Særtrekk: Laksen er en anadrom fisk, dvs. den blir født og vokser opp i ferskvann i ett til fem år før den smoltifiserer og vandrer ut i havet. Der blir den i ett til fire år før den returnerer til elven den ble født i for å gyte

Atlantisk laks

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
476 27 878