Hopp til hovedteksten
Libas_1_200px.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Første fiskefarty bygd som forskingsplattform

For Noreg, med ei stor økonomisk sone og store ressursar både innan olje og fisk, er overvaking av marine ressursar og miljø ei viktig oppgåve. Krava om berekraftig hausting og tilstrekkeleg overvaking vert stendig strammare, medan tilgang på ressursar for å gjennomføre oppgåvene ikkje alltid følgjer med slike skjerpa krav.

Libas_verft_200px2.jpg

”Libas” til kai ved verftet. Båten er 94 m lang. Maskina yter 8000 HK og gir ein toppfart på om lag 20 knop. Ein spesiell propell gjer at lågt turtal (90 rpm) kan gi marsjfart på 15 knop med lite drivstofforbruk og vonleg låg støy (fartyet skal støymålast på same måten som forskingsfartya). Dersom utrekningane held stikk under reelle tilhøve, blir ”Libas” eit fullverdig forskingsfarty for mange granskingar med nesten 50 % større dekningseffektivitet enn den vi i dag nyttar som standard under rutinetokt.

 

Den største bøygen er kostnadar knytt til innsamling av marine biologiske og fysiske feltdata. Fartytid er svært kostbar, og derfor er bruk av moderne teknologi og opning av nye tilnærmingsmåtar som samlar inn naudsynte data på meir kostnadseffektive måtar avgjerande for å lukkast.

Overvaking av økosystem meir krevjande

Til no har overvaking av ressursar og miljø i stor grad vore knytt til faste feltgranskingar som gir eit augneblinksbilete i ein gitt månad av året. Slike målingar kan samanliknast med tilsvarande målingar frå tidlegare år. Dette gir ein tidsserie av mengdemål som ikkje treng vere absolutt rett, men som gir ei sann utvikling av tilstanden i bestandane over tid. Dei nye krava seier at ein i framtida må overvake økosystemet med alle kompliserte interaksjonar, ikkje berre einskildbestandar. Det betyr til dømes at:

  • når vi gjennomfører feltgranskingar, er det behov for større kapasitet enn det eigne forskingsfarty kan gi, for å dekkje alle artar og miljøet samtidig.
  • det ikkje er nok med augneblinksbilete ein gong i året. Vi kjem til å trenge ein dataflyt gjennom året som gir meir innsikt i vandring og fordeling i bestandane, og korleis dei påverkar kvarandre.

Fiskeflåten til hjelp

Utnytting av fartykapasitet i fiskeflåten kan verte avgjerande for å tilfredsstille desse krava. Moderne fiskefarty har ein infrastruktur og teknologi som gjer dei veleigna til å operere som plattformer for marin forsking. Slike farty kan i mange tilfelle utrustast med teknologi som gir data til forskarane utan at det hindrar deira eigen aktivitet. Tvert om kan eit slikt samarbeid gi næringa betre innsikt og informasjon for forbetring av eigen kostnadseffektivitet. Slike samarbeid kan hjelpe til med innsamling av data gjennom året, i tillegg til å auke forskingsfartykapasiteten for store økosystemgranskingar.

Samarbeid om bygging av farty

Havforskingsinstituttet har i fleire år brukt ein referanseflåte til å samle ein del fangstinformasjon som støtte i bestandvurderingane. No er vi klare for neste steg, som er å utvikle samarbeid med reiarlag i plan og byggjefasen av nye farty. Eit eksempel på slikt samarbeid er alt realisert gjennom den nye kombinerte ringnotbåten/trålaren ”Libas” (Sjå bilete). I dette prosjektet har Havforskingsinstituttet fått innpass med instrumentering og utrusting som gjer fartyet veleigna som plattform for marin forsking. Fartyet er utrusta med

  • akustisk instrumentering for kvantifisering av fiskemengd
  • hydrografisk instrumentering eller utrusting for å operere slik instrumentering
  • laboratorieplass
  • senkekjøl for instrument til kvalitetsheving (eliminering av luftstøy) av akustikkdata
  • moderne satellittkommunikasjon for overføring av informasjon mellom Havforskingsinstituttet og båten

Forskarane vil kunne styre instrumenteringa frå kontoret og slik samle inn data under kommersiell operasjon. Fartyet er i tillegg velutrusta til å supplere forskingsfartya til Havforskingsinstituttet når det trengst. ”Libas” er konstruert for å gi lite støy og gå fort og er dermed eit effektivt toktverkty. Første tokt er planlagt i juli 2004, på makrell.

Av Olav Rune Godø, forskingsgruppeleiar Observasjonsmetodikk

Kontaktpersoner

Olav Rune Godø
404 37 671