Hopp til hovedteksten
otolitt_torsk_2.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Med ferdsskrivar i øyra

I øyra hos fisk finst eit lite organ som spelar ei heilt uvurderleg rolle i fiskeriforvaltinga: otolitten. Denne vesle øyresteinen fungerar nesten som ein ferdsskrivar. Her kan vi lese kor gamal fisken er, kva tid han vart kjønnsmoden, kva bestand han høyrer til og somme tider kvar han har vore. Og det finst faktisk otolittar som kan fortelje oss kva tid verda starta med atomprøvesprengingar.

Kontaktpersoner

Hildegunn Mjanger
414 73 568