Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Vintertoktet: Mindre ungtorsk, men meir hyse

Pressemelding 25.03.04
Dette er resultatet etter årets vintertokt, som er ein viktig del av grunnlaget for bestandsvurdering og kvotetilråding for botnfiskbestandane der. Toktet vart gjennomført av to norske og eit russisk forskingsfartøy i tida 31. januar-14. mars.

Pressemelding 25.03.04

Dette er resultatet etter årets vintertokt, som er ein viktig del av grunnlaget for bestandsvurdering og kvotetilråding for botnfiskbestandane der. Toktet vart gjennomført av to norske og eit russisk forskingsfartøy i tida 31. januar-14. mars.

Bortsett frå litt ishindring nordaust av Bjørnøya fekk vi dekka området godt. Førebelse resultat kan oppsummerast slik (gjennomsnitt viser til perioden 1993-2003):

Norsk-arktisk torsk
Mengdeindeksane for 1- og 3-åringar er langt under gjennomsnittet. Indeksane for 2- og 5-åringar er om lag halvparten av gjennomsnittet, medan 4- og 6-åringane er nær gjennomsnittet. Resultatet for alle desse aldersgruppene er lågt samanlikna med det som blei målt på vintertoktet for eitt år sidan og på 0-gruppetoktet sist haust.

Mengda av torsk som er 7 år og eldre har auka. Dette var venta, men resultata for den kjønnsmodne delen av desse aldersgruppene må sjåast i samanheng med resultata frå skreitoktet, som ikkje er avslutta enno.

Dei siste 3-4 åra har tokta vist ein lovande tendens til redusert dødsrate i bestanden. Men dette siste toktet tyder på at dødsraten kan vere tilbake på nivå med det som vart observert i siste halvdel av 90-åra. Toktresultatet viser elles noko lågare individuell vekst, særleg for torsk som er 5 år og eldre.

Norsk-arktisk hyse
Indeksen for 1-åringar er om lag halvparten av gjennomsnittet, medan årets indeks for 2-åringar er den høgaste sidan 1992. For dei andre aldersgruppene er indeksane rundt gjennomsnittet. Mengda av hyse som er 6 år og eldre har auka samanlikna med 2003.

Vanleg uer og snabeluer
Indeksane er på same låge nivå som dei tre siste åra, med framleis nedgang for den yngste fisken.

Blåkveite
Toktresultata viser nedgang samanlikna med dei to siste åra. Dette kan skuldast at viktige blåkveiteområde (Hopendjupet) ikkje vart dekka grunna isforholda.

Kolmule
Det vart registrert meir kolmule i år enn dei siste to åra, men mindre enn i 2001.

Kontaktpersonar:
Forskingsdirektør Åsmund Bjordal - 55 23 86 90 - aasmund@imr.no
Forskingsleiar Harald Gjøsæter - 55 23 84 17 - harald@imr.no
Forskar Asgeir Aglen - 55 23 86 80 - asgeir@imr.no
Informasjonsrådgjevar Monika von Minden - 55 23 85 16 - monika@imr.no