Hopp til hovedteksten
DNA-identifisering_av_laks_190.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Kan vi identifisera rømt laks ved hjelp av DNA?

Rømt laks er eit problem for fiskeoppdrettsnæringa. Er det mogleg å finna ut kva oppdrettsanlegg laksen har rømt frå ved å DNA-testa han? Forskarar ved Havforskingsinstituttet har undersøkt saka.


Rømming er eit hovudproblem i fiskeoppdrett, ikkje berre for oppdrettaren som misser fisk, men òg for dei ville laksebestandane. Årsaka er at oppdrettslaksen er avla fram for å passa i eit oppdrettsmiljø utan predatorar (rovfisk), med rikeleg fôrtilgang og utan krav til vandring og orientering over store geografiske avstandar. Når eigenskapane til oppdrettslaksen vert kryssa inn i ville laksebestandar, får vi laks som er dårlegare tilpassa livet i det naturlege miljøet, og døyingsprosenten i bestanden aukar.

Ein har difor gjort framlegg om å nytta DNA-markørar som finst naturleg i laksen til å spora rømlingar tilbake til matfiskanlegget dei rømte frå, slik at ein kan konsentrera tilsynet om anlegg som misser fisk.

Fastslo avlsline med 95 prosent visse

For å undersøkja om dette er mogleg, har forskarar ved Havforskingsinstituttet gjennomført ein pilotstudie. I første omgang fann dei ut at skilnaden mellom de ulike avlslinene er store, og at ein kunne seie med over 95 prosent visse kva avlsline ein laks kom frå.

Men i oppdrettsnæringa vert rogn og fiskemateriale sortert, gruppert og fordelt frå avlspopulasjonar til stamfiskstasjonar, vidare til hundrevis av smoltanlegg og deretter vidare ut til hundrevis av matfiskanlegg. På grunn av desse logistiske forholda vil ikkje DNA-profilar basert på referansar frå avlskjernar eller stamfiskanlegg gje grunnlag for identifisering av kva matfiskanlegg rømlingar kjem frå.

Nyttig når mange har rømt samstundes

Dersom større førekomstar av rømt fisk vert oppdaga kort tid etter at dei har rømt, kan DNA-profilar likevel peika ut kva matfiskanlegg den rømte fisken kjem frå, i alle fall i ein del tilfelle. I pilotstudien tok ein prøvar frå sju ulike smoltleveransar fordelt på fire matfiskanlegg. Ved hjelp av 11 naturleg førekomande DNA-markørar kunne ein slå fast kva matfiskanlegg om lag sju av ti rømlingar kom frå. Det er difor ved større episodar som vert oppdaga tidleg at denne metoden kan vera interessant.

Fram til no har ein ikkje hatt noko profesjonelt overvakingsprogram knytt til havbruk. Dette står i kontrast til overvakinga som vert utført i havområda våre og dei tradisjonelle fiskeria.
Einkvar metode for identifisering av rømt fisk har som føresetnad at det finst eit operativt overvakingssystem som oppdagar rømlingar raskt, tek prøvar og sender dei til analyse.