![]() |
Av Ingrid Dreyer
– Snart er det ikkje lenger nok å gi kvoteråd om ein og ein fiskebestand. Samfunnet – og ikkje minst styresmaktene – etterspør forklaringar og samanhengar, seier gruppeleiar Harald Gjøsæter i Havforskingsinstituttet si nyoppretta forskingsgruppe for fiskebestandar og økosystem i Barentshavet. I denne gruppa vert forskarar som tel fisk, og forskarar som er meir opptekne av heilskapen i økosystema, for første gong samla under eit tak. Gjøsæter trur at dei dermed vil verte betre budde på krava frå omverda. På sikt håpar han jamvel at det vil utvikle seg eit heilt nytt fag.
To ulike synsvinklar
Den tradisjonelle fiskeribiologiske tilnærminga går ut på at ein tel fisk, kartlegg bestandar og nyttar modellar for å forstå korleis bestandane vil utvikle seg. Dersom vi fiskar så og så mykje av eit slag den eine året, korleis vil det påverke denne arten og andre artar neste år?
Økologane på si side driv i mindre grad med modellering på ein enkel art, men ser på større samanhengar og nyttar ofte meir kvalitative metodar. Kva om temperaturen aukar med ein grad? Kva skjer då med rekrutteringa til ein bestand, og kor vil fisken flytte seg? Og kanskje andre indikatorar enn storleiken på fiskebestandane kan nyttast til å følje med i helsetilstanden til eit økosystem?
– Det er ikkje gjort over natta å sameine to ulike fagretningar. I første omgang må vi lære av kvarandre. Men eg håpar at vi på sikt vil klare å skape eit nytt fag, slik at vi kan gi det ein kan kalle økosystembaserte forvaltningsråd, seier Gjøsæter.
![]() Kvoterådgjevarane må ta omsyn til samanhengen mellom alle artane som lever i Barentshavet. |
Fleire faktorar å ta omsyn til
– Vi skal halde fram med å gi råd om bestandane i Barentshavet, men vi vil få ei meir tverrfagleg tilnærming. I gruppa har vi i tillegg til ”fisketeljarar”, biologar og økologar, òg fått med oss nokre matematiske modellørar, ein oseanograf og ein fiskeriøkonom. Vi håpar at vi dermed vil verte betre i stand til å lage modellar, fordi vi kan ta omsyn til fleire faktorar. Tidlegare har vi arbeidd mykje meir fragmentert, fortel Gjøsæter og legg til at Fiskeridepartementet har etterspurd nettopp slike endringar.
– Men vert det ikkje eigentleg prognosane meir usikre når det kjem fleire faktorar med i biletet?
– Jo, og det er eit viktig poeng som eg ikkje er sikker på om dei som etterspør råda våre har teke inn over seg, seier Gjøsæter med eit smil.
– Men det er vel meir slik at vi no får synleggjort at kvoteråda faktisk er meir usikre enn det som har kome fram tidlegare. Det knyter seg stor uvisse til dette å hauste levande naturressursar. Vår oppgåve er både å synleggjere kva vi veit og kva vi ikkje veit, presiserar han.
![]() Alt heng saman: Torsken sin meny varierer sterkt med bestanden av andre artar. Torsken sitt konsum (i tusen tonn) av ulike byttedyr i perioden 1984-2001, rekna ut frå mageprøvedata. |
Økosystem på livets tolegrense
No er det ikkje slik at fiskeribiologane ikkje har sett fleire fiskeartar i samanheng tidlegare. Sidan 1980-talet har det vore vanleg å studere korleis artane påverkar kvarandre. Til dømes et torsken i Barenthavet lodde, medan sild beitar på loddelarvar, og rådgjevinga på torsk og lodde er vel det første dømet på bestandar i våre havområde der forskarar alt i fleire år har teke omsyn til slike faktorar.
– Barentshavet er spesielt interessant fordi økosystemet ikkje er altfor komplisert. Sidan det ligg så langt mot nord, er det på grensa av kva artane kan tole, og difor er artsmangfaldet mindre. Dermed er det lettare for oss å sjå alle artane i samanheng, enn kva det er for havforskarar som syslar med havområde lenger sør, seier Harald Gjøsæter.
Fakta om Barentshavet:
Barentshavet er fire gongar så stort som Noreg og dekkjer 1,4 millionar kvadratkilometer. Til samanlikning er den norske delen av Nordsjøen berre 150 000 kvadratkilometer. Gjennomsnittsdjupna er 230 meter, og på det djupaste er det 500 meter. Barentshavet er eit svært produktivt hav, både på grunn av god tilførsel av næringsstoff og plankton med straumane frå Norskehavet, på grunn av prosessane som følgjer med frysing og tining av havis, og på grunn av dei rikelege mengdene med lys gjennom den lange sommardagen.
Dei viktigaste kommersielt utnytta artane som lever i økosystemet i Barentshavet, er torsk, hyse, blåkveite, lodde, sild, reker, grønlandssel og vågekval.



