Hopp til hovedteksten
plankton_Undescribed_cteno_180.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Små, men makelause

Sjølv om plankton er usynlege for det blotte auget, er dei grunnlaget for alt livet i havet. Dei er difor òg sentrale for å forstå heile det marine økosystemet. Norske og russiske havforskarar har byrja å samarbeide for å finne ut meir om plankton i Barentshavet og dermed betre fiskeriforvaltninga i dette viktige havområdet.

– Planteplankton er heilt nedst i næringskjeda i havet og omdannar sollyset til energi gjennom fotosyntesen. Planteplankton vert ete av dyreplankton, som igjen er føde for fiskeyngel. Slik strøymer energien oppover i økosystemet, fortel gruppeleiar Webjørn Melle og forskar Arne Hassel ved Havforskingsinstituttet si forskingsgruppe på plankton. Organismar som kan synest uvesentlege for ei uvitande sjel, er altså i staden sjølve nøkkelen til å forstå den totale tilgangen på næring i økosystemet i havet.
 

Alt heng saman

I moderne fiskeriforvaltning har forskarane dei siste åra blitt meir opptekne av å sjå på samanhengene i økosystema og ikkje berre på ein og ein fiskeart. Dette vert kalla for økosystembasert forvaltning.
– Vi må vite korleis artane påverkar kvarandre for å kunne seie noko om utviklinga. Plankton er fundamentet for heile systemet. Kven beitar på kven, og korleis vert fiskebestandar påverka av endringar i mengda og tilgangen på plankton? spør Melle.
 

Russiske målingar sidan 50-talet


Havforskingsinstituttet og det russiske søsterinstituttet PINRO har i fleire år samarbeidd om fiskeriforsking i Barentshavet, men nyleg vart det starta opp eit samarbeid om plankton. Bakgrunnen er at russarane òg er opptekne av økosystembasert forvaltning, og begge landa ønskjer å setje søkjelyset på dei lågare nivåa i næringskjeda for å forstå økosystemet betre. Samarbeidet omfattar mellom anna hausttoktet i Barentshavet, som vert planlagt i fellesskap, og innsamlinga av plankton vert koordinert.
– Russarane har kome mykje lenger enn oss når det gjeld plankton. Medan vi byrja plankton-målingane på 90-talet, har dei halde på heilt sidan 50-åra. På den andre sida har vi kome lenger når det gjeld metodar og utstyr, seier Webjørn Melle.
 

Russarane nyttar norsk håv

Dei norske forskarane testar mellom anna ut akustiske og optiske målemetodar, og dei har utvikla såkalla fleirposehåvar, som kan nyttast til å hente opp plankton frå ulike djupner. Dette gjev det ein kallar djupneprofil eller ”djupnestratifisert prøvetaking”. For at kartlegginga av tilhøva i Barentshavet skal bli så nøyaktig som mogleg, er det viktig at ein nyttar dei same metodane på begge sider av grensa.
– Om russiske og norske forskingsfartøy nyttar ulike håvtypar, kan vi ikkje samanlikne resultata. Ein viktig del av samarbeidet er difor å utveksle kunnskapar om og samkøyre bruken av reiskapar, og no har russarane teke i bruk fleirposehåvane, seier Melle.
 

Lærer bort nye teljemetodar


Etter at planktonet er samla inn, skal materialet analyserast. Tradisjonelt har ein henta opp plankton, lagt dei i formalin og sendt dei til land for teljing og identifisering. Men dette er ein tidkrevjande og dyr prosess, så i dag vert berre halvparten sendt til land, medan resten vert silt ut i tre ulike storleiker, lagt i skålar og vege.
– Dette blir noko mindre presist, men det er ein mykje raskare metode som gjev store volum av prøver årleg. På eit tokt i forfjor fekk ein russisk forskar opplæring av oss i denne metoden, og i fjor byrja dei å praktisere han sjølv på sitt eige fartøy, seier Melle.
– Men sjølv om vi er opptekne av mengda, må vi ikkje misse av syne dei enkelte planktonartane. Vi må ha overblikk over artsmangfaldet, eller det vi gjerne kallar biodiversitet, legg Arne Hassel til.
– Kva finn vi, og korleis vert artane påverka av klimaendringar og forureining? Det er mellom anna ønskjeleg å få kartlagt artane før dei vert påverka av forureining, slik at vi har noko å samanlikne med. Her treng vi ny ekspertise og må nytte kvalitative metodar, meiner han.
 

Forskarutveksling og felles database

I tillegg til samkøyring av metodar og reiskapar, omfattar samarbeidet med PINRO òg utveksling av forskarar. På vintertoktet som går føre seg nett no, er den russiske forskaren Natalia Zhukova om bord i ’G.O. Sars’. Ho skal samle inn makroplankton til russarane sine eigne tidsseriar, og etter toktet kjem ho til Bergen for å analysere funna.
Dei to forskingsinstitutta har i tillegg blitt samde om å utvikle ein felles database for dyreplankton.
– Vi held på å drøfte korleis strukturen skal sjå ut og kva format vi skal ha på utveksling av data. Vi må få til ein avtale om ansvar for å leggje inn data og rettar til bruken av dei, seier Webjørn Melle.
 

Fakta om plankton:

 Ordet plankton kjem frå gresk og tyder ”det som svever”

 Plankton er ei fellesnemning for eit utal ulike organismar i ulike storleikar som lever i opne vatnmassar, både små dyr og eincella organismar med evne til fotosyntese. Dei har til felles at dei har lita eller inga symjeevne og difor let seg drive med straum og bølgjer. Plankton finst både i ferskvatn og i saltvatn. Dei minste planktona kan berre sjåast i mikroskop. Det er to hovudgrupper av plankton: planteplankton og dyreplankton. Planteplankton har fotosyntese og tyder det same i økosystemet i vatnet som grøne vekstar gjer på land. Planktonalgane er mat for dyreplankton som igjen er mat for fiskelarvar. Difor er planktonalgar svært viktige for fiskebestandane våre.
 
 
– Eigentleg er den tradisjonelle næringspyramiden svært forenkla, påpeiker Arne Hassel.
– Det er ikkje så enkelt som at dyreplankton et planteplankton, og fisk et dyreplankton. Det heile er eit mangfald av beitarar, der ei korrekt skjematisk framstilling vil bli eit nettverk av pilar på kryss og tvers.
Dyreplankton omfattar mange dyr frå høgst ulike dyregrupper. Dyreplankton lever av planktonalgar, bakteriar, partiklar av daudt, organisk materiale eller anna dyreplankton. Dyreplankton omfattar både dyr som er plankton heile sitt liv og dyr som berre er plankton på larvestadiet. Til dømes har mange fiskeartar og bunndyr larvar som er planktoniske. Sjølv om mange av artane kan symje til ein viss grad, kan dei ikkje flytte seg mot ei vedvarande straumretning. Krepsdyr er den viktigaste dyregruppa av dyreplankton. Plankton er mat for pelagisk fisk og for larvar og yngel av fisk. På Havforskingsinstituttet er forskarane hovudsakeleg opptekne av plankton som har innverknad på dei kommersielle fiskeartane.
 
Kjelder:
Havforskingsinstituttet og www.planktonweb.no
Forenkla modell av næringskjeda i Barentshavet (klikk på biletet for å forstørre):
 
les mer

Plankton

Ordet plankton er opprinnelig gresk og betyr "det som svever". Plankton er en fellesbetegnelse for flere ulike organismer som lever i åpne vannmasser, både små dyr og encellede organismer med evne til fotosyntese. De har til felles at de har liten svømmeevne og lar seg drive med strøm og bølger.

Plankton

Kontaktpersoner

Arne Hassel
55 23 85 78
Webjørn Melle
930 04 245