Hopp til hovedteksten
rodtorsk_innogut3.jpg
Utskriftsvennlig versjon

På jakt etter raud torsk

Ein mann i Rognaldsvåg fekk i november ein litt merkeleg taretorsk – den var praktisk talt like raud i fiskekjøtet som kjøtet i ein villaks. Havforskingsinstituttet vil finne ut kva fisk dette er, og lova dusør til dei som kan levera levanda torsk av dette spesielle slaget.


Havforskingsinstituttet ønskjer å finne ut kva fargestoff som finst i den raude torsken.
- For å finne ut av dette må vi ha fatt i 10 ekspemplar som er levande, seier forskar Erik Slinde.

Han lova difor ein dusør på kr 5 000,-  til dei som kan gje han ein levande variant. Daude raudtorskar vert også tatt vel imot, men då er finnarløna kr 2 000,-, men her treng han berre to eksemplar. 

Astaxanthin gjer fisken raud

Det raude fargestoffet astaxanthin er velkjent i naturen i laks, aure, krabbe, hummar og krepsdyr, og det er mykje brukt i kommersielt laksefôr. Torsk tek normalt ikkje dette fargestoffet opp i sjølve kjøtet, men det kan finnast i bindevevet. Torsk som fordøyer krepsdyr eller kommersielt laksefôr, blir normalt ikkje raud i fileten.

Kan vere pengar å spare – og tjene

Tilsetjing av raudt fargestoff i fõret til laks kostar oppdrettsnæringa fleire hundre millinar kroner årleg.
- Dersom vi finn ut kvifor torsken får raudt kjøt, og tek i bruk den kunnskapen for laks og aure, kan det spare oppdrettsnæringa for store beløp, seier Slinde. - Det må og leggjast til at dette er eit svært interessant forskningsområde kor ein kan ta i bruk kunnskap om genane til laks og torsk.

Slinde spår også eit mogleg marknadspotensiale i oppdrett av lakseraud torsk.
– Torsken er meir delikat som matfisk enn laksen, som har mykje grovare fibrar i fileten. Ein raud og lekker torskefilet på ein restaurant-tallerken kan bli noko veldig eksklusivt.